
Keepersatsinga tek nye steg!
Det er stor aktivitet rundt keepersatsinga i klubben! Breiddefotballen Utviklingsavdelinga
Tidlegare i år lanserte Sogndal Fotball ein heilt ny skuleringsplan for keeperar. Dette har gitt eit stort løft til keepersatsinga i klubben, og utover året har ein også tatt nye steg. Keeperansvarleg, Martin Selle, er i sluttfasen av UEFA B Keepertrenarkurs, og utviklar samtidig aktivitet og tiltak i klubb for å styrke keepertilbodet i klubben og regionen.
Sogndal Keeperakademi
I sommar etablerte me Sogndal Keeperakademi, eit samla satsingsprosjekt for keeperar i Sogndal Fotball og i heile regionen Sogn og Fjordane. Visjonen er at keeperakademiet skal halde nasjonal standard, og vera eit av Norge sine beste keeperakademi. Ein ønskjer at keeperakademiet skal bidra til å styrke heile kretsen, og at me saman kan utvikle gode keeperar for framtida.

Sogndal Fotball - Keeperløftet og Keeperskulen
Som ein del av satsinga har me etablert Keeperløftet, som omfattar fleire utviklingsarenaer for både gutar og jenter. Keeperskulen er eit sentralt tiltak, der unge keeperar får målretta trening kvar torsdag under leiing av keeperane frå Sogndal Keeperakademi Elite. Tilbodet følgjer Sogndalsakademiet, og omfattar jenter og gutar frå 6-12år. Keeperskulen er open for alle som ønskjer å utvikle seg som keeper, og ut året blir det tilbydd til halv pris (500,-).
Keeperskulen legg grunnlaget for vidare utvikling og er ein viktig del av klubben si keeperpyramide – frå dei yngste og opp til dei nasjonale laga. I tillegg til dei faste øktene i keeperskulen, vil det vere tilbod om keepertrening på alle fotballskular i regi av Sogndal Fotball, som t.d. OBOS Camp.

Toppsatsing gutar - Sogndal Keeperakademi Elite
Grunnstammen i akademiet er Sogndal Keeperakademi Elite, som består av keeperane frå klubbens nasjonale lag:
- Nasjonal G14
- Nasjonal G15
- Nasjonal G17
- Sogndal 2 / Nasjonal G19
Akademiet byggjer på ein tydeleg skuleringsplan og planverk, som går igjen frå Keeperskulen og heilt opp til toppsatsinga. Gjennom året blir det arrangert to større fellessamlingar, der både fagleg og sosial utvikling står i sentrum. Me har også byrja med å invitere inn fleire keeperar frå regionen til keeperøkter i Keeperakademi Elite. Dette gjer me for å motivere unge keeperar, og for å dele kompetanse vidare til klubbane i breidda.
Toppsatsing jenter – ei viktig satsing for framtida
Det er ikkje berre på gutesida me satsar. I samarbeid med Sogndal FK Damer har me etablert ei eiga Toppsatsing for jenter, med faste økter kvar torsdag. Denne treningsgruppa inkluderer keeperar frå J15/17-laget, og øktene blir leia parallelt med Keeperskulen.
Gjennom dette samarbeidet ønskjer vi å heve keepersatsinga i klubben som heilskap, og å skape eit felles miljø der både gutar og jenter får same faglege oppfølging og utviklingsmoglegheiter.
Toppsatsinga for jenter er ein viktig del av Keeperløftet, og blir kopla tett på soneaktiviteten i kretsen. Målet er å bygge eit sterkt miljø som gir jentekeeperane inspirasjon, meistring og eit tydeleg utviklingsløp vidare inn mot junior- og seniornivå.



Samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets
Keeperakademiet er tett knytt til Sogn og Fjordane Fotballkrets, og samarbeidet er forankra i Sogndal Fotball sin skuleringsplan for keeperar. Sogndal Keeperakademi har ansvar for det faglege innhaldet og gjennomføringa av keeperøktene i Sone Sogn, samtidig som me bidreg til utviklinga i Sone Sunnfjord og Sone Nordfjord gjennom Keeperløftet og Kretslagssystemet.
Framover vil me også reise ut på klubbesøk for å bidra til kompetanseheving lokalt, støtte trenarar og hjelpe klubbane med å utvikle eigne keepermiljø.
Keepersamlingar – viktige møtepunkt gjennom året
Keeperakademiet legg stor vekt på å skape møteplassar der keeperar frå ulike alderstrinn kan lære, dele erfaringar og bygge fellesskap. I august arrangerte me ei eiga keepersamling for 2013–2016-årgangane i Sogndal (9–12 år), saman med trenarar og foreldre.
I tillegg arrangerte me i oktober årets store keepersamling for Keeperakademi Elite, med økter på felt, fysisk trening, teori og sosiale aktivitetar. Me fekk i tillegg helsingar frå Landslaget og U20-landslaget, noko som inspirerte både keeperane og trenarane.
Samlinga vart svært vellukka, og er eit tiltak me kjem til å vidareføre to gongar i året framover, både før og etter sesong. Neste år vil me utvide konseptet slik at jentene også blir involverte i samlinga, eller som ei eigen samling, som ein naturleg del av den vidare toppsatsinga på keeperarbeidet i klubben.
Tusen takk til Meny Sogndal, Coop Extra Sjøkanten og Lerum som bidrog med sponsing av mat og drikke under samlinga – ei støtte som betyr mykje for vidare satsing!




Ambisjonar framover
Årets sesong har vore eit testår, der me har prøvd ut fleire tiltak og lagt grunnlaget for framtida.
Neste år skal me løfte keeperarbeidet endå eit hakk – med mål om at Sogndal Keeperakademi skal bli den leiande utviklingsarenaen for keeperar i Sogn og Fjordane, både for gutar og jenter.
STAO NO PAO!