Klare for 4. runde i NM

Slo Hallingdal 3-2 i cupen for G19

Det vart spennande heilt til siste slutt på Gol i går, då heimelaget Hallingdal aldri gav opp kampen om avansement til 4. runde i NM.

Det var gutane våre som kom best i gang.

- Me spelte ein god 1. omgang, og kunne gå til pause med ein fortent leiing etter at  Andreas Lerheim Olsen skåra eit flott mål i det 40. minuttet, seier trenar Rune Bolli Bolseth.

- Me styrte spelet og hadde fin kontroll bakover, held Bolli fram.

Heimelaget tok meir tak i kampen etter kvilen, men det var Sogndal som gjekk opp til 2-0 ved Anders Nord etter 61 spelte minutt. 

Heimelaget svarte kontant og reduserte berre to minutt etter, og var laget med initiativet i kampen. Jens Hundere Øvreseth skåra på ein kontring etter 79 minutt av cupdramaet, men heimelaget jakta stadig mål, og dei fekk nok ei redusering etter 87 minutt.

Med blod på tann, kasta heimelaget seg i angrep, men våre gutar stod av stormen og kunne returnera over Hemsedalsfjellet med ny cupbillett i lomma.

- Det var eit voldsomt trøkk på Kristian i mål mot slutten av kampen. Gutta jobba bra, og det er fortent at me er vidare til 4. runde, avsluttar ein glad Rune Bolseth.

Her er tropp og lagoppstilling frå denne kampen. 


Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: