Klare for nytt cupdrama

3. runde NM: Sogndal - Moss, Avspark kl. 18:00 på Fosshaugane Campus

I dag er det full rulle i Cupen. Det er klart for den tredje runden.

Me måtte slita mot Lysekloster i 2. runde i forrige veke, og me var ikkje åleine om det. Stjørdals-Blink slo Rosenborg 2-1, Ull/Kisa slo Lillestrøm 3-2, og Kjelsås sendte Stabæk over kommunegrensa med halen mellom beina etter 3-1. 

No skal me møta Moss, eit lag me spelte borte mot i OBOS-ligaens 3. runde. Den kampen vann me 2-1 


Me fekk god energi med oss inn i veka etter 2-1 mot Start her heime på søndag. No gler me oss til ny kamp. Avspark på Fosshaugane Campus er klokka 18:00. Det er strålande sol, varmen er på veg. Yr kan melda om sommar i kveld med strålande sol og rundt 20 grader under kampen.

Cup er cup, det er vinn eller forsvinn. Det blir spennande i dag óg - men i lag med vår tolvte mann skal me klara dette. Kom på kamp!

Billettinfo her

Slik går denne cuprunden:

Sogndal - Moss kl 18:00

Sotra - Vålerenga (TV 2 klokka 19.00)
Fredrikstad - Viking (NRK3 klokka 20.00)
Aalesund - Brann
Brattvåg - Haugesund
Sarpsborg 08 - Odd
Stjørdals-Blink - Ull/Kisa
Ranheim - Bodø/Glimt
Vard Haugesund - Strømsgodset
Alta - Tromsø
Kjelsås - Jerv
Kristiansund - Molde
Gjøvik-Lyn - Start
KFUM - Åsane
Mjøndalen - Raufoss
Bærum - HamKam

Trekninga av 4. runde skjer onsdag klokka 22.00. 

 

Annonse fra Obos-ligaen: