Klare for treningsleir

De neste to vekene skal karane vera i Marbella på Costa del Sol

Dei neste to vekene skal karane gjera ein solid jobb på treningsfeltet. I perioden 5.-20 februar er me på sydlegare breiddegrader.

No vert Sognahallen byta ut med grasbanar, varme og sol på den spanske solkysten, Costa del Sol. Gjengen på Marbella Football Center står klare til å ta i mot Tore André Flo sine menn.


Staben på Hotel Guadalmina har hatt Sogndal Fotball på besøk fleire gonger før. Her får me topp service! Me gler oss til å sjå hotellet på ny etter ein koronapause.

To kampar skal me spela. Først får me eit gjensyn med Kongsvinger! Den kampen går den 11. februar, og det blir kjekt å sjå Victor Grodås, Per-Magnus Steiring og Tobias Bjørnebye!

Ei veke etter, den 18. februar, ventar kaptein Gustav Valsvik, midtbanestrateg Johan Hove og  Haldor Stenevik i lag med resten av Strømsgodset. Det blir eit spennande møte med ein Eliteserieklubb.

Begge kampane kan sjåast direkte på Sogn Avis!

Media-Rune tek også turen nedover, slik at det skal bli både bilete, video og tekst frå Spania også i år. Nokre av spelarane bidreg óg med materiale.
 

Følg oss i sosiale medier!

Facebook er vår hovudkanal, der me kjem til å senda litt live frå Spania, pluss andre saker.
Det kjem bilete på Instagram - sogndalfotball1926 er namnet
Følg oss på Snapchat: sogndalfotball - det blir eindel snappar frå spelarane på turen.
Me har børsta støvet av vår gamle Twitter-konto! Det er sjølvaste Martin Salbu som oppdaterar den, følg oss på @sogndalfotball
 

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: