#KLARTILKAMP

Saman er me Sogndal Fotball. Eit hjarta i svart og kvitt som stormar fram.

Sogndal. Saftbygda. Lengst inne i Sognefjorden. Der ingen sku tru at nokon kunne bu. Her fins ei bygd med eit Eliteserielag.
Me ynskjer at det skal vera slik også i 2018.

På søndag gjelde det. No gjelde det. Ein sesong med mykje motgang går mot slutten, men det er ikkje over enda. Med vilje av stål skal me saman visa at me har noko å gjera i Eliteserien. Både på bana og på tribunen. Saman er me Sogndal Fotball. Eit hjarta i svart og kvitt som stormar fram.

Ved siger på søndag er me sikra sjansen til Eliteseriespel. Og det er ingenting som er betre enn å dele den følelsen saman med våre fantastiske supportarar.

Difor håper me at så mange som mogleg tek turen og lager ei elektrisk stemning og atmosfære som skremmer livskiten ut av våre gjester frå første spark på ballen. Jag våre gutar framover og man dei til å yte sitt ytterste slik me får den sigeren som me treng.

Tenk kor herleg det er å stå på Fosshaugane Campus i staden for å sitte i stova når ballen fyker inn i nettmaskene og du kan kaste deg rundt halsen på sidemannen eller sidekvinna. Få kjenne på ekte idrettsglede, den man kun kan oppleve på stadion.

Håper me sjåast og at du tek med deg familie, vener og gjerne naboen på årets siste Eliteseriekamp på Fosshaugane Campus. Stao no pao! #KlarTilKamp

Kjøp din kampbillett her

Heile stadion kr. 100,-

Sogndal - Vålerenga
Søndag 26.nov kl.18:00
Fosshaugane Campus

Målfeiring AalesundB 2017 Foto - Rune Sjøberg (6)
Annonse fra Obos-ligaen: