
Kristoffer Haukås Steinset til Raufoss
Sogndal Fotball og Raufoss Fotball er samde om ein overgang for Kristoffer Haukås Steinset A-laget
Sogndal Fotball og Raufoss Fotball er samde om ein overgang for midtbanespelar Kristoffer Haukås Steinset, f. 15. september 2005.
Etter snart 4 år i Sogndal reiser Kristoffer vidare til nye oppdrag i klubben Raufoss. Det har vore utruleg kjekt å ha Kristoffer med oss, men no var tida inne for å prøve noko nytt då det vart for lite speletid. Me visste at dette var eit ønske frå Kristoffer, so når denne moglegheita kom, blei det ei god løysing for alle partar.
Sogndal Fotball takker Kristoffer for den fine tida me fekk saman og ønskjer han lukke til i Raufoss.
STAO NO PAO !