
Kronekampen - Dette skjer på kampdag 23. august!
Me inviterer til fest på Fosshaugadn og håpar å sjå både små og store på kamp! A-laget
Laurdag 23. august inviterer me til fest på Fosshaugadn! Det blir full aktivitet for både små og store heile dagen, og me håpar å avslutte dagen med 3 poeng mot Moss! Her er oversikten over alt som skjer på kampdag!
Barnas Superfestival
Frå kl. 11:30 arrangerer Sparebanken Norge Barnas Superfestival i Sentrumsparken. Her blir det eit fullspekka program for heile familien. Møt Øysteins Blyant, Peppa Gris, Bjørnis, Sogndal turn og fotball, og mange fleire. Ta turen innom for en dag full opplevingar. Arrangementet er gratis og varar fram til 15:00.
Aktivitetar på Fosshaugadn
Frå kl.14:30 er det på Fosshaugadn det skjer. Ved hovudinngangen (port 2) stiller våre gode partnarar opp med diverse aktivitetar og stands. Meny Sogndal fyrer opp grillen og byr på gratis pølser, og Sparebanken Norge byr på pizza så langt det rekker. Lerum stiller med smaksprøvar på nydeleg saft, og det blir både saft og jus til alle. Ta middagen på Fosshaugadn denne dagen! Toyota Sogn stiller også opp, og før kampen viser dei fram sine flotte bilmodellar. I tillegg vil Sognekraft og Sognenett arrangere masse kjekke konkurransar og aktivitetar med premiar til alle!
Velkommen til Skraol
Skraol Pub er også open som vanleg, og dørene opnar kl. 14:00 for alle over 18 år. Her kan ein nyte noko godt i glaset saman med andre supportarar før kampen. Gode fotballdiskusjonar og tipping av pauseresultatet i AMFI-tipset er noko av innhaldet. Ein får også høyre eit eksklusivt intervju med trenarane til dei to laga. Ta turen innom samlingsstaden på Fosshaugadn for den perfekte oppladninga til kamp!

Aktivitetstilbod på familietribuna og juniorsvingen
For våre yngste supportarar er no aktivitetstlbodet på familietribuna tilbake til denne kampen. Medan foreldra kosar seg med ein spennande kamp, kan dei yngste leike og ha det morro saman med andre barn. Det er også mogleg å bli med juniorsvingen å heie, og før spelarane kjem på bana spring dei ein runde rundt midtsirkelen! Bli med då vel! Under Lerum Cup i fjor såg det slik ut:
Det er masse som skjer på kampdag denne dagen, og me håpar å sjå både små og store på kamp! Saman skal me sørge for at karadn tek 3 poeng, og skapar ein skikkeleg fest! Ta med vennar og familie til Fosshaugadn, og skap ein dag med mange gode minner!
STAO NO PAO!