Laget mot KFUM

Her er dei elleve som startar dagens kamp

Me er framme ved runde 12 av OBOS-ligaen 2022, klokka 15:00 skal me spela mot KFUM på Ekeberg.

Det er berre nokre dagar sidan me møtte Kåffa på den same arenaen. Då var det cupkamp, og me gjekk sigrande ut av duellen etter at det heile måtte avgjerast på straffekonkurranse.

Karane reiste ikkje heim til Sogn etter den kampen, men vart att i hovudstaden og har fått restituert seg godt og førebudd seg inn mot dagens kamp.

Både Storm og Yr kan melda om nokså greitt vêr under kampen. Gradestokken vil stoppa rett under 20 grader og me skal få ein lettskya variant med streif av solskin. Og kanskje litt regn. Det ligg an til gode speletilhøve.

Samstundes med vår kamp vert det kjempa om viktige poeng mellom Mjøndalen og Stabæk og Skeid tek i mot Grorud til lokaloppgjer.

Følg kampen på Discovery+, Eurosport eller TV2 Play, eller på Firdaliven

I dag startar me med desse elleve:

Renze Fij, Axel Kryger, Andreas van der Spa, Eirik Lereng, Hördur Ingi Gunnarsson, Jónatan Jónsson, Valdimar Ingimundarson, Ulrik Mathisen, Kristoffer Nessø, Emanuel Grønner og Peter Godly Michael.

Benken: Jørgen Johnsen, Mansour Gueye, Mathias Blårud, Sondre Ørjasæter, Erik Flataker,  Anders Nord, Endre Kupen og Andreas Hoven.


Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: