Lars er sesongens Sogndal-spelar 2025

Keeper Lars Jendal er kåra til årets Sogndal-spelar for 2025-sesongen av Sogn Avis.

Lars Jendal (26) er tildelt glasplaketten som årets Sogndal-spelar i Sogn Avis for 2025-sesongen.

Jendal landa på eit børssnitt på 5,58 poeng på dei 26 kampane han spelte, og sikra dermed tittelen framfor Sander Granheim (5,37) og Martin Sjølstad (5,26).

I sin andre sesong i klubben tok Lars steget opp som førstekeeper då Daniel Gjerde Sætren blei skadd tidleg i sesongen. Han takkar keepertrenar Geir Stenehjem for utviklinga, saman med ein sesong med mange kampar på eit høgt nivå.

Lars og resten av spelargruppa legg no ned ein solid innsats fram mot ein ny og spennande sesong. (Foto: Endre Romøren/Sogn Avis)
Lars og resten av spelargruppa legg no ned ein solid innsats fram mot ein ny og spennande sesong. (Foto: Endre Romøren/Sogn Avis)

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: