LSK trakk det lengste strået

Tek med seg tre poeng til Romerike etter sjansefattig kamp

Det ville seg ikkje for Eirik Bakke sine menn i dag heller.

Med 3000 på tribuna i flott vårvêr låg det an til fotballfest på Fosshaugane Campus. Det vart det ikkje. 

Annonse:




Etter berre 6 minutt gjekk Christophe Psyché i ein duell og vart liggande etter nokre steg. Franskmannen måtte diverre forlate bana etter smellen, som kan vera av det alvorlige slaget. Me vil kome med oppdatering angåande skaden uti veka.

Med den nye 3-4-3 formasjonen, slapp me ikkje Lillestrøm til so mykje, men me skapte heller ikkje all verda framover på bana.

Kampens skåring kom i 2. omgang etter ein corner som Mathias Dyngeland fekk slått ut i feltet. Der gjorde Simen Kind Mikalsen eit c-moment og utførte eit brassespark so bra at kula fauk inn i vinkelen.

Me klarte aldri å svare på denne skåringa, slik at Lillestrøm tek med seg tre viktige poeng på bussen heim.

Les om kampen i Sogn Avis

NRK

Firda

Kampstatistikk

Etter kveldens kampar ligg me no utsett til med ein sisteplass på tabellen. 

Neste helg skal me til Haugesund, då skal Bakke & kompani reise kjerringa. 

Stao pao!

Annonse fra Obos-ligaen: