Malin blir offisiell visningsstad for Sogndal sine bortekampar
Restauranthuset Malin satsar på fotball og har investert i visingsrettar. No kan du sjå alle bortekampane til Sogndal Fotball i loungen hos Malin. Først ut er Stabæk mot Sogndal førstkomande søndag. Partnarinnhald
Frå no av blir det éin fast stad og samlast når Sogndal spelar på bortebane.
Restauranthuset Malin og Sogndal Fotball har inngått ein avtale som gjer loungen hjå Malin til offisiell visningsstad for Sogndal sine bortekampar.
Første visning blir allereie på søndag når Sogndal speler borte mot Stabæk i OBOS-ligaen.
Restauranten har investert i nødvendig lisens for å kunne vise både Sogndal-kampar, Premier League og Champions League. Dei ønskjer å skape ein naturleg møteplass for fotballinteresserte i bygda.

– Me har lyst til å skape ein møteplass og eit fellesskap rundt fotballen. Då me synte VM-kampane såg me kor mange som ønskjer å samlast om slike opplevingar. Stemninga var veldig god, og det viste at det finst eit stort potensial for dette i Sogndal, seier Xian Xu, eigar av Restauranthuset Malin.
Skal vise mykje fotball
Han fortel at satsinga handlar om meir enn berre bortekampane til Sogndal.
– Me kjem til å vise mykje fotball framover. Både Premier League, Champions League og sjølvsagt alle bortekampane til Sogndal. Samstundes skal folk kunne kombinere fotballopplevinga med god mat og drikke. Me har flotte lokale og håpar dette kan bli ein naturleg møteplass for fotballinteresserte, seier Xian.
I Sogndal Fotball er me glade for å få på plass eit fast samlingspunkt for supportarane når laget spelar bortekamp.
– Me ønskjer sjølvsagt å samarbeide med Malin om dette og gjere Malin til den offisielle staden for å sjå alle bortekampane til Sogndal. Fotball handlar om meir enn dei 90 minutta på bana. Det handlar òg om fellesskapet rundt laget, seier Henrik Furebotn, sal- og marknadsansvarleg i Sogndal Fotball.

Meir enn kamp
Han håpar avtalen kan bidra til å styrkje interessa ytterlegare.
– Her blir det rom for gode diskusjonar før, under og etter kamp. Me ser òg føre oss at me av og til kan arrangere quiz, konkurransar eller andre aktivitetar i samband med kampane. Målet er å skape ein stad der folk kan møtast og dele fotballinteressa, seier Henrik.
Første høve til å oppleve den nye Sogndal-puben blir allereie ved bortekampen mot Stabæk søndag kl. 17.00.
– Me håpar både faste supportarar, fotballinteresserte og dei som berre er på jakt etter ein hyggeleg kveld tek turen innom. Fotball blir kjekkast når ein opplever det saman, seier Xian.
Vel møtt til bortekamp på Malin søndag kveld!
PS! Malin viser også Premier League i helga!
