Målkalas mot Levanger!
Karane varta opp med ein solid 5-1 siger! Video
Me slo Levanger heile 5-1 i kveldens kamp på Fosshaugane Campus. Stillinga til pause var 2-0.
Det var bortelaget som kom best i gong på Fosshaugane, men karane våre spiste seg sakte men sikkert inn i kampen, og produserte etter kvart ein del målsjansar. Lars Christian Kjemhus burde ha skåra dagens første, og Sixten Jensen fekk kanontreff då ballen suste i tverra. Fortsatte karane med å produsere slike sjansar, ville ballen til slutt gå i mål.
Les om kampen i Sogn Avis
Det var Sigurd Haugen som fekk opna skåringsfesten, då han i det 27. minuttet stanga inn 1-0. Deretter skåra Eirik Schulze i det 41. minuttet, Kjetil Wæhler (46), Haugen (64) og Soltvedt (75). På stillinga 4-0 fekk Levanger eit trøystemål.
Les fyldig kampreferat på Firdaliven
Etter kampen var det duka for Ropet i garderoben.
Me tok ein prat med kaptein Mathias Lønne Dyngeland, mannen med tre assists i dag, Lars Christian Kjemhus og tomålsskårar Sigurd Haugen etter kampslutt.
Kjetil Wæhler var på plass att i kvitedrakta etter å ha sona karantene mot Jerv, og den evigunge forsvarsklippa skåra det veldig viktige 3-0 målet berre eitt minutt etter sidebyte.
Trenar Eirik Bakke meinte me såg solide ut, og han var imponert over karane sine i dag.
Slik gjekk det i dagens kampar i OBOS-ligaen:
Mjøndalen-Strømmen 1-0
Jerv-Hamkam 2-3
Sogndal-Levanger 5-1
Tromsdalen-Notodden 4-2
Ull/Kisa-Florø 1-1
Viking-Nest Sotra 2-3
Kongsvinger-Sandnes Ulf går på tysdag.
Tabellen etter 18. serierunde ser slik ut
OBOS-ligaen
|
|
Spelt S | Vunne V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Bryne Bryne | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 2 | Egersund Egersund | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 3 | Haugesund Haugesund | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 4 | Hødd Hødd | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 5 | Kongsvinger Kongsvinger | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 6 | Lyn Lyn | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 7 | Moss Moss | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 8 | Odd Odd | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 9 | Ranheim TF Ranheim TF | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 10 | Raufoss Raufoss | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 11 | Sandnes Ulf Sandnes Ulf | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 12 | Sogndal Sogndal | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 13 | Stabæk Stabæk | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 14 | Strømmen Strømmen | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 15 | Strømsgodset Strømsgodset | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| 16 | Åsane Åsane | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Neste heimekamp er mot Florø, og billett til fylkesduellen kan du kjøpa her.