Markering til minne om Kong Harald før Sogndal-Godset
Før oppgjeret mellom Sogndal og Strømsgodset på Fosshaugane Campus blir det ei verdig markering til minne om Kong Harald. Me oppmodar alle som kjem på kamp om å vere på plass på tribunen seinast 15 minutt før kampstart for å ta del i markeringa. A-laget
Me ønskjer velkomen til Fosshaugane Campus og oppgjeret mellom Sogndal og Strømsgodset.
Før kampstart gjennomfører me ei verdig markering til minne om vår kjære Kong Harald.
Me oppmodar alle som skal på kamp om å kome tidleg og vere på plass på tribunen seinast 15 minutt før avspark.
Markeringa startar med at dommarane, hovudtrenarane og spelarane kjem ut på bana og stiller seg opp i ein H-formasjon.
Så blir det vist ein video på storskjermen. Deretter syng me nasjonalsongen i lag, før markeringa blir avslutta med eitt minutts applaus.
Det vert òg gjort fleire tiltak for å skape ei verdig ramme rundt kampen. Følgjande tiltak inngår i dei felles nasjonale retningslinjene for Eliteserien og OBOS-ligaen:
- Sørgjeband på spelarar og dommarar
- Berre norske flagg på arenaen, og det vert flagga på halv stong
- Reklamefrie LED-tavler og storskjerm
- Ingen midtsirkelsegl
- Ingen kommersiell aktivitet
Praktisk info
Våre vanlege møteplassar vil halde ope som normalt.
Juniorsvingen: Aktivitetsrommet vil vere ope. Det blir ikkje ei runde rundt midtsirkelen denne kampen.
Billettar: Billettar kan kjøpast på sogndalfotball.no/billettar, via lenka i arrangementet eller i billettbui.
OBS! Billettbui er flytta tilbake til Svingen-bygget.
Student: Studentane kjem inn for berre 30 kroner. Bruk promokode student26 på TicketCo. Ta med studentbevis på kamp.
Bortefans: Sjå: https://www.sogndalfotball.no/billettar/bortesupportar
🤍 STAO NO PAO 🖤