
Mathias Øren utlånt til Åsane
Sogndal Fotball og Åsane Fotball er samde om ein utlånsavtale for Mathias Øren A-laget
Sogndal Fotball og Åsane Fotball er samde om ein utlånsavtale for forsvarsspelar Mathias Øren, 21. april 2006. Avtalen strekkjer seg ut sesongen.
Etter samtale mellom klubben og spelaren valgte me no saman å gjere dette som eit ledd i at Mathias skulle få moglegheita til å spele fleire kampar utover hausten.
- Med eit komande U20-VM der eg er utteken i bruttotroppen, er det viktig for meg å få speletid no. Eg hadde sjølvsagt håpa på fleire minutt her, men etter skade og sterk konkurranse på laget, so ser eg Åsane som ein fin «match» då eg og kjenner Eirik godt frå før, seier Mathias.
Me ynskjer Mathias masse lykke til i Åsane og håpar på mange fine prestasjonar utover hausten.
STAO NO PAO!