Vårt samarbeid med MOT
Ambassadørlag og det er me stolt av. "Me bryr oss"
Sogndal Fotball og MOT har tette band, og kvart år er MOT på besøk hjå våre spelarar for å dele erfaringane dei gjer i sitt ungdomsarbeid.
I år var intet unntak. Ingrid Ness Rolland frå MOT sentralt, samt ein god gjeng frå MOT lokalt tok gutane gjennom ein times fin presentasjon. Her fekk spelarane presentert ungdomsarbeidet MOT gjer og innspel på korleis dei kan framstå som gode rollemodellar. Som MOT ambassadørlag inneberer dette ein del ansvar og forventingar.
I løpet av eit år gjennomfører MOT skulebesøk i heile landet. I Sogndal er våre spelarar med på eitt besøk i kvar klasse på 8. og 9. trinn ved Kvåle og Kaupanger Ungdomskule. Dette er noko me har god erfaring med, og som både elevar og spelarar set pris på og hugsar godt.
Denne gongen var det våre spelarar sin tur til å få besøk av MOT. Spelarane vart sett i ein hestesko, slik som skuleelevar og gjer på MOTbesøk, og deretter vart dei utfordra med ulike aktivitetar. Ein av aktivitetane var å reise seg opp frå stolen dersom ein var einig i påstaden som vart presentert. Her fekk gutane kjenne på mot til å stå opp for seg sjølv og ta eigne val.
På seinhausten i fjor vann Ole Amund Sveen MOT-prisen 2017 Eliteserien. No har han endeleg motteke prisen, som var overrekt av Ingrid Ness Rolland.
MOT og Sogndal Fotball sitt samarbeid
Sogndal fotball sitt samarbeid med MOT innebærer også blant anna maskott og stand på kampane, MOT har ein eigen stand på Lerumcup og MOT er inne hos A-laget og Sogndal 2 kvart år for å bevisst gjera spelerane på si rolle i samfunnet.