No er Henrik på plass

Henrik Furebotn er på plass som ny sals- og marknadsansvarleg i Sogndal Fotball. No ser han fram til å vidareutvikle samarbeidet med klubben sine mange partnarar.

I juni vart det kjent at Henrik Furebotn er ny sals- og marknadsansvarleg i Sogndal Fotball. No er han på plass på Fosshaugane Campus og godt i gang med arbeidet.

– Starten har vore veldig bra. Det er kjekt å vere tilbake i Sogndal Fotball og bli ein del av klubben igjen. Den første tida har gått med til å bli kjend med rolla, få oversikt over partnarane våre og setje meg inn i eksisterande avtalar og samarbeid. Eg har blitt teken veldig godt imot, og det er ein veldig kjekk gjeng å jobbe med, seier Henrik.

Samtidig ser eg eit stort potensial i å synleggjere klubben endå meir i lokalsamfunnet og regionen.

— Henrik Furebotn

Han har også sett engasjementet i næringslivet, då fleire bedrifter sette i gang ein billettstafett i forkant av førre heimekamp.

– Framover blir det viktig å ta godt vare på dei partnarane me har, samtidig som me skal jobbe for å utvikle og styrkje partnarnettverket vårt. Eg ønskjer å finne ut kva partnarane våre er opptekne av, og korleis Sogndal Fotball kan skape endå meir verdi for dei, seier Henrik.

Å utvikle partnarnettverket blir viktig for Henrik.
Å utvikle partnarnettverket blir viktig for Henrik.

Han peikar spesielt på relasjonsbygging som ein viktig del av jobben.

– Først og fremst håpar eg å vere ein god lagspelar for både klubben og samarbeidspartnarane våre. Samtidig ser eg eit stort potensial i å synleggjere klubben endå meir i lokalsamfunnet og regionen, og få fleire til å sjå verdien av å vere ein del av Sogndal Fotball. Me skal vere ein attraktiv møteplass og samarbeidspartnar, seier Henrik.

Furebotn kjem frå jobben som salskonsulent i Toyota Sogn, ein av samarbeidspartnarane våre. Der har han jobba tett med kundar og relasjonsbygging. I tillegg har han jobba fleire år med utviklings- og organisasjonsarbeid hjå NFF Sogn og Fjordane som klubbutviklar.

– Me er veldig glade for at Henrik no er på plass i klubben. Han er utviklingsorientert, har god forståing for organisasjonen og den rolla Sogndal Fotball spelar i lokalsamfunnet og regionen. I tillegg kjem han inn med eit sterkt nettverk lokalt og regionalt, seier Ingrid Narum, dagleg leiar.

Annonse fra Obos-ligaen: