Noah Heggestad stanga inn vinnarmålet på overtid mot Vik!

Sigeren sat langt inne, men 5 minutt på overtid steig Noah Heggestad til værs!

Det var duka for ein flott fotballkamp på Vik Stadion med ei flott grasmatte og nydeleg vær, men heimelaget gjorde det verkeleg vanskeleg for Sogndal 2 i dag. Ingen av laga klarte å få ballen i mål før klokka passerte 90 minutt, men langt inne i overtida stanga Noah Heggestad ballen i nettet! Det betyr 3 veldig viktige poeng for våre gutar.

Den fyrste omgangen vart tett og jamn, og det stod 0-0 til pause. Vik jobba hardt og gjorde ein god jobb i forsvar, medan dei også var farleg frampå ved eit par anledningar. Sogndal 2 kom til nokre gode sjansar, men unøyaktigheit prega kampen før pause. Like før pause fekk Sander Heggestad blått kort og ein måtte starte andreomgang med 10 mann.

Etter pause auka presset frå bortelaget, men Vik stod framleis godt i mot. Utover omgangen vart sjansane større og større, men det ville seg ikkje. Når klokka passerte 90 minutt stod det framleis 0-0, men kampen var ikkje avgjort. Når det var spelt 5 minutt av overtida kom endeleg målet. Markus Bringas kasta til Viljar Stavø og fekk ballen igjen ute til høgre. Backen la ballen inn i boksen, og der steig Noah Heggestad til værs. I duell med Vikspelaren var det Noah som kom sigrande ut og stanga ballen i mål. 


Det var verkeleg grunn til å sleppe jubelen laus etter den scoringa, for 3 poeng kan bli særs viktig i kampen om opprykk. Kampen med Fjøra held fram, og kanskje blir det ikkje avgjort før ein møtest i siste serierunde!

Neste kamp for Sogndal 2 er borte mot Stryn, måndag 16. september!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: