Ny kontrakt for Daniel Gjerde Sætren!

Sogndal Fotball og Daniel Gjerde Sætren er samde om ei ny avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen!

Sogndal Fotball og Daniel Gjerde Sætren er samde om ei ny avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen! Landslagskeeperen frå Svelgen blir i Sogndal også dei kommande åra!

- Det har vore eit sterkt ønske frå meg å fornye her. Eg føler at eg har fått veldig masse tillit frå klubben og trenarteamet, og då synst eg det er på sin plass at eg sigerer ny kontrakt. Eg har veldig lyst til å bidra med alt eg kan, fortel Daniel.

Daniel signerte sin fyrste proffkontrakt tilbake i 2022, og har allereie mykje erfaring i ung alder. Han var tidleg inne og trente i Sogndal før han flytta frå Svelgen og byrja på skule her. Han han kampar frå Sogndal på alle nivå frå 16 år og opp til A-laget, og har også vore ein del av dei aldersbestemte landslaga heile vegen frå G15 og opp til G19. I 2022 debuterte han for A-laget i cupen mot Florø, og debuten i OBOS-ligaen kom allereie i september det same året. Han gjorde sakene sine godt i 6 kampar den hausten i skadefråværet til Renze Fij.

Skadar har diverre også prega tida i Sogndal for Daniel, og spesielt problema med eit trøttheitsbrot gjorde 2023 og starten av 2024 vanskeleg. Han har allikevel kjempa seg tilbake og blitt endå sterkare både fysisk og mentalt. I oppkøyringa til årets sesong spelte han mykje, og i dei fyrste kampane av sesongen var han også fyrstekeeper. Diverre var han igjen uheldig og måtte operere etter ein skade i handa. No har han signert ny kontrakt og er snart klar for nye kampar!

- Det har vore litt turbulent. Eg signerte kontrakt i 2022, og når Renze fekk problem med kneet var eg så heldig at eg fekk spele 6 kampar på hausten. Dei kampane gav meg mykje erfaring, og eg fekk verkeleg sjå korleis nivået er i OBOS-ligaen. Så har eg hatt litt skadeproblem, som satte ein stoppar for meg i 2023 og inn i 2024. Eg følte at eg kom tilbake endå sterkare, og brukte hausten 2024 til å bygge meg opp fysisk. Etter at Luis kom har eg fått mykje tillit, og det er ein viktig grunn til at eg ønskjer å fortsette karriera her i klubben og i bygda, fortel han.

Keepertrenar Geir Stenehjem har fulgt Daniel tett over mange år, og fortel om eit høgt nivå på treningane. Konkurransen er stor, og det bidreg til at alle tek nye steg:

- Me har eit veldig godt innarbeidd keeperteam med Lars, Daniel og Ard der ein støttar kvarande og bidreg til å gjere kvarandre betre. Det er ei veldig kompetitiv og positiv keepergruppe. Det er fantastisk for meg som keepertrenar. Dei set standarden på trening og støttar og hjelper kvarandre heile vegen. Begge vil sjølvsagt spele, men dei har sett at om ein skal bli betre sjølv, må ein også gjere dei andre betre. Det er veldig kjekt at Daniel signerer ny kontrakt og me har eit fantastisk keeperteam som eg trur mange misunner oss.

Daniel har fått mykje verdifull erfaring frå spel med aldersbestemte landslag. Han har lenge vore ein av dei aller beste keeperane i sitt alderskull og fått spelt mot dei beste nasjonane i Europa. Geir Stenehjem er også involvert som keepertrenar i landslagsskulen, og fortel kor viktig desse referansane er:

- Det er ingen tvil om at når han får reise rundt i Europa og møte dei beste, tek han med seg referansane heim igjen og brukar det i kvardagen. Ein får kjenne på standarden mot dei aller beste. Det er kjempeviktig for både spelarar og støtteapparat å vere med på landslaga. Verda er stadig i endring, og utviklinga skjer der ute, men me kan ta med erfaringane tilbake til Sogndal. Daniel er ein styrke for keeperteamet vårt og bidreg til eit høgt nivå understrekar han.

Det er ingen tvil om at me har to meget solide keeperar, og at konkurransen om ein plass i laget er stor. Daniel fortel at det er ein styrke, og at dei alltid støttar og byggjer opp kvarandre:

- Eg synst det er heilt topp at me er heldige å ha eit så bra keeperteam. Geir som keepertrenar gjer ein fabelaktig jobb og legg opp til gode økter, og sørgar for at me er på vårt beste til kvar kamp. Det er sjølvsagt konkurranse mellom meg og Lars, men me er mest av alt lagkameratar. Det handlar om å bygge kvarandre opp, og så vil det alltid vere den beste som speler. Det er me begge klar over, og så handlar det om å ikkje vere bitter for det, og det føler eg at både eg og Lars er gode på. Lars har gjort ein fabelaktig jobb i dei siste kampane, og så skal eg kome tilbake og gjere alt eg kan for å kjempe for laget, avsluttar han.

Spelarlogistikkansvarleg, Håvard Flo, fortel at det var viktig for klubben å signere ei ny avtale med Daniel no:

- Det at Daniel no er i boks er me veldig glade for. Etter mange år i Sogndal har Daniel gjennom både klubb- og landslag hatt ei veldig fin utvikling. Han har også måtte jobbe seg igjennom nokre skadar som på sikt gjer han endå sterkare. Det er viktig for oss å ha kontinuitet i gruppa samtidig som at ein beheld ein lokal identitet. Daniel gir oss dette, i tillegg til at han er ein profesjonell og fin gut som bidreg både på og utanfor bana, fortel Flo.

 Me er veldig glade for at Daniel er med oss vidare, og gler oss til mange fine stunder dei kommande åra! 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: