Ny profilering i Sognehallgata

Holen Installasjon og Sogndal Fotball er samde om ein ny sponsoravtale for 3 år

Om ein tek turen innom Sognehallgata på Fosshaugane Campus i dag, blir ein no møtt av portrettbileter av heile Sogndal sin spelartropp og trenarteam. Holen Installasjon er initiativtakar til den nye profilflata.

Sjå film av spelarane som signerer sine portrett og heng dei opp i Sogndalhallgata lengre ned i artikkelen.

 - Dette vart svært bra. Her er alle spelarane profilert, og det er viktig å få fram ansiktene til alle dei som er ute å krigar kvar einaste kamp. Holen vil gjerna vera med å visa fram alle profilane i Sogndal Fotball, fortel Agnar Holen frå Holen Installasjon

- Holen har vore med å støtta klubben i tjukt og tunt gjennom mange år. Det at me no har fått opp ein fellesprofilering er med svært nøgde med. Sogndal Fotball og Holen Installasjon er naturlege samarbeidspartnarar for utviklinga av Sogndal Fotball og Fosshaugane Campus. Med ny profilering vil dette styrke merkevara til begge verksemdene, seier marknadssjef Stine Lilloe- Olsen.

- Skal me halda fram med å vera i toppen av norsk fotball, er me heilt avhengig av at me har gode støttespelarar. Det er Holen, avsluttar Lilloe-Olsen.

Å driva ei installasjonsverksemd, krev kunnskap og godt utdanna folk. Difor er det viktig at me er synlege i kompetanseutviklingsarenaen på Campus

— Agnar holen

- Sogndal er fylkets største merkevare. Det har dei vorte gjennom langsiktig arbeid over 40 år. Å ta del i det arbeidet som skjer på Fosshaugane Campus er kjekt, men òg viktig. Me treng å vera stolte, fortel Agnar Holen.

-Å driva ei installasjonsverksemd, krev kunnskap og godt utdanna folk. Difor er det viktig at me er synlege i kompetanseutviklingsarenaen på Campus, samstundes som me gjennom fotballen sine kanalar er synlege og utanfor eige fylke, seier ein nøgd Agnar Holen.


Holen lagbildet
Sogndal Fotball og Holen Installasjon v/Agnar Holen

Annonse fra Obos-ligaen: