Ny Ripe frå Jølster klar!

Trond Vegard tek til som fysioterapeut etter nyttår

Trond Vegard Ripe tek over skadestova etter Yngve Myhre.

- Me har brukt tid på å finsikte forskjellige kandidatar som medisinsk ansvarleg, og Trond Ripe peika seg ut som vår mann, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Trond er 28 år og utdanna fysioterapeut ved Høgskulen i Bergen. Han har Idrett grunnfag frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og har praktisert som fysioterapeut i både Sogndal og Bergen.

- Trond er ein fin gut som vil passa godt inn i teamet rundt laget vårt, seier Flo.

Trond har spelt fotball i ei årrekkje, og spelt for Jølster, Sandande, Sandviken og Fjøra.

Me kjem med nærare presentasjon av vår nye fysioterapeut over nyttår.

Velkomen til Sogndal, Trond!

Annonse fra Obos-ligaen: