Ny rolle for Kloster
Går frå akademisjef til ny rolle i utviklingsavdelinga
Vår høgreiste akademisjef overlet no stafettpinnen til Tommy Øren, og trer til i ei ny rolle i utviklingsavdelinga etter nyttår.
- No vert eg spelar og trenartutviklar i barnefotballen. Eg skal vera ein rettleiar og mentor for trenarane til spelarar i alderen 6-12 år i eigen klubb. Samtidig skal eg vera hovudtrenar for Gutelaget, samt ha ansvar for ulike fotballskular, fortel Marius Tostrup Kloster.
Marius har drive SogndalAkademiet sidan januar 2015, og er ein populær trenar hjå ungane.
- Eg kjem til å sakna dei hyppige møta med akademibarna, me har hatt det veldig kjekt i lag. Eg vil óg sakna den daglege kontakten med Seniorane, fortel Kloster.
Han er full av lovord om den innsatsen karane frå Seniorklubben har lagt ned.
- Seniorane har gjort det mogleg å ha det fullverdige tilbodet med fotball, mat og lekser som me no har på Akademiet. Bidraget til Seniorane er uvurderleg, det er ein gjeng med kjempeflotte folk.
Marius kjem til å vera tilknytta SogndalAkademiet på eit nytt nivå, og vil jobba tett med den nye Akademisjefen, Tommy Øren.
Marius kjem til å vera tilknytta SogndalAkademiet på eit nytt nivå, og vil jobba tett med den nye Akademisjefen, Tommy Øren.
- Marius har gjort ein kjempejobb!
— Anders Stadheim, Utviklingsansvarleg
- Marius har vidareført og utvikla Akademiet til det det er i dag, han har gjort ein kjempejobb. Det kjem han til å fortsetje med i dei nye rollene han skal inn i, seier sjef for Utviklingsavdelinga, Anders Stadheim.
Marius går frå akademi- til lagsnivå, og skal bistå lagstrenarane til betre utvikling for sine spelarar og lag.
- Eg gler meg veldig til å følgje gutelaget i 2017, og bli meir utfordra i trenarrolla kring eit lag. Samtidig gler eg meg til å bli betre kjent med lagstrenarane i klubben og følgje dei opp på ei fornuftig måte. Eg ser verkeleg fram til det neste året.
Stillinga i Sogndal Fotball er på 50%, han skal óg i framtida jobba i NFF Sogn og Fjordane i 50%.
Me ynskjer Marius lukke til!