Ny treningsleir i varmen

Finpussing av formen i Marbella

I dag er karane tilbake under den spanske sola, denne gong på Costa del Sol, Solkysten.

- I Marbella ventar tipp-topp fasilitetar på oss, og banene er so fine at ein kan spela golf på dei, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

I fjor var Håvard ein del av delegasjonen fra NTF som besøkte Marbella Football Center for å sjekke ut området som tek over for anlegget på La Manga frå neste år.

- Me har hatt det fint på La Manga, men i Marbella vil laga vera litt meir separate for kvarandre, og sidan det er fleire utanlandske lag i området, vil ein lettare få gode sparringpartnarar. Difor tek me i bruk Marbella allereie i år, seier Flo.

Gutta skal bu på eit hotell som ligg på stranda litt sør for Marbella.

Tre kampar på elleve dagar

- På Gran Canaria var det ein leir med treningsvolum, dette vert meir ein kampleir, sidan me skal spela tre kampar på elleve dagar, fortel Flo.

Allereie i morgon møter me lynkvass motstand i Spartak Moskva, laget som ligg på topp i den russiske ligaen, fem poeng foran Zenit. Det er spelt 17 runder og moskovittane har 40 poeng.

På søndag skal me møta eit godt lag frå Kviterussland som heiter Shakhtyor Soligorsk, og 9. mars ventar Lillestrøm i LSK-hallen.

- Treningskvardagen vil gå på eit anlegg der alt ligg til rette for at me skal ha gode treningar, og me ser fram til å kome til ein ny plass etter mange år på La Manga, seier Flo.

Troppen består av desse spelarane:
Mathias Dyngeland, Tarjei Omenås, Kristian Rutlin, Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Victor Grodås, Per Magnus Steiring, Eirik Skaasheim, Magnus Pedersen, Kristinn Jónsson, Tomas Totland, Chidibere Nwalaki, Henrik Furebotn, Eirik Schulze, Gilbert Koomson, Vegard Leikvoll Moberg, Edin Øy, Eirik Birkelund, Simen Brekkhus, Fredrik Flo, Martin Ramsland, Bendik Bye, Ole Amund Sveen, Ulrik Fredriksen (hospitant).

Støtteapparatet:
Eirik Bakke, Terje Skjeldestad, Marius Lenni Bøe, Knut Ripe, Trond Ripe, Ole Erik Grinde, Vegard Skjeldestad, Dag Martin Fardal og Håvard Flo.

Les meir om Marbella Football Center her.

Annonse fra Obos-ligaen: