
Nye landskampar for Daniel
Keepertalentet frå Svelgen er utteken på G15-landslaget
I dag kom uttaket til G15-landslaget sin samling i Spania. Dei norske gutane skal møta Nederland, Spania og Irland i Football Federations Cup, og då kan Daniel Gjerde Sætren få nye landskampar i beltet.
Femtenåringen frå Svelgen har spelt for Sogndal 2, G19 og G16 i år, og han debuterte for A-laget i sommar med clean sheet då han spelte dei siste 45 minutta i cupkampen mot Fjøra som me vann 3-0.
I august debuterte han med både flagget på brystet og kapteinsbindet då det norske G15-laget slo Tsjekkia med 4-2. Han spelte sin andre landskamp i september, då vart det 1-2 mot Sverige.
No skal Daniel og gutane til G15-landslagstrener Jan Peder Jalland til Albir i Spania i perioden 20.-29. november. Her er troppen:
Filip Voster Botnen - Viking
Sindre Walle Egeli - Sandefjord
Daniel Gjerde Sætren - Sogndal
Almar Grindhaug - Haugesund
Sverre Halseth Nypan - Rosenborg
Aleksander Hammer Kjelsen - Vålerenga
Andreas Herendia-Randen - Asker
Max Herman Bjurstrøm - Vålerenga
Amir Jama - Stabæk
Elias Kringberg Haug - Sarpsborg 08
Troy Engseth Nyhammer - Haugesund
Gustav Kjølstad Nyheim - Molde
Edvard Sundbø Pettersen - Sandefjord
Anders Rønne Børset - Molde
Magnus Stær-Jensen - Grorud
Chrisander Bjørndalen Sørum - Strømsgodset
Fanuel Temesgen Tewelde - Odd
Jones El-Abdellaoui - Vålerenga
William Kvale - Brann
Stian Sjøvold Thorstensen - Rosenborg

Kampprogram
22.11. Norge – Irland (ikkje del av turneringa)
24.11. Nederland – Norge
26.11. Norge – Spania
28.11. Irland - Norge