
Nytt bortepoeng for Sogndal 2
Det enda med 3-3 i kampen til Sogndal 2 borte mot HamKam 2 i dag! Sogndal 2
Det vart ein tøff start på kampen for Sogndal 2 på Briskeby. Mål frå Julian Gonstad etter 14 minutt og Jonas Dobloug Rasen etter 39 minutt gjorde at dei låg under 2-0. Men karadn våre gjer aldri opp og kjempa seg tilbake i kampen. Ola Lerheim Olsen sørga for 2-1 og redusering rett før pause. Ein skikkeleg susar på volley som gjekk rett i krysset!
I andreomgang ville også Kristian Kongelf bidra med mål. Etter 52 minutt banka han inn ein markkrypar frå distanse. Dermed stod det 2-2, men karadn var ikkje ferdige der. Etter 72 minutt spelt var det Anders Johannesen Nord som dribla seg rundt forsvaret og satte ballen ved fyrste stolpe. 2-3 og snuoperasjonen var komplett. Diverre fekk HamKam inn utlikninga berre 6 minutt etterpå, og sluttresultatet vart difor 3-3.
Eit poeng på bortebane gjer at Sogndal 2 no ligg på 9. plass med 23 poeng. I dei fire siste kampane av årets sesong møter dei Funnefoss/Vormsund, Førde, Spjelkavik og Hødd 2. Alle laga, med unntak av Funnefoss/Vormsund kjempar på nedre halvdel av tabellen for å unngå nedrykk. Det blir ein altså spennande haust for Krossen og co.
STAO NO PAO!