Nytt tap i Tromsø
Alfheim er ikkje vår arena.
Det vart 0-3 og nytt tap på Alfheim Stadion for Bakke og hans menn.
Videoen er ikke tilgjengelig.
Det starta so lovande med godt press og mange store sjansar. Heimelaget virka nesten litt paralysert det første kvarteret.
Men so vakna Gutan tok over spelet i snøkavet eit kvarters tid. Mot slutten av omgangen vart det jamnare att.
Me mista Taijo Teniste i første omgang. Det er mistanke om at den viktige backen vår har fått seg ein lyskestrekk. Me kjem med info om dette når me veit meir.
Andre omgang starta på verst tenkeleg vis. Tromsø gjekk raskt opp i 1-0, og berre nokre minutt seinare auka dei til 2-0. På tampen av kampen, hadde Bendik Bye ein kjempesjanse til å redusera, men i staden vart det 3-0 på det påfølgjande angrepet.
Dette sa trenar Bakke etter kampen.
Bjørn Inge Utvik Ofra seg i mange duellar.
Det var ein skuffa gjeng som sette seg på flyet heim til Sogndal i går kveld.
No er det fokus inn mot Strømsgodset neste måndag. Då treng me støtta di frå tribuna. Kjøp billett her.