
Nytt tap mot Aalesund
Det ville seg ikkje i dag, og Aalesund tek alle poenga på Color Line A-laget
Aalesund utnytta sjansane sine best og scora eit mål i kvar omgang. Det blei aldri farleg nok framfor målet til heimelaget, og då enda det 2-0 i dagens kamp.
Me fekk ein god start på kampen, og det var jamnt i banespelet den fyrste halvdelen av fyrsteomgang. Begge lag kom til nokre sjansar, men ingen av keeperane fekk store problem med å halde ballen ute av målet. Etter halvtimen spelt fekk heimelaget straffe i ein duell mellom Paul Ngongo og Daniel Sætren. Fyrstnemnde satte den sikkert i mål til 1-0. Det var også stillinga til pause.

Etter pause jakta karadn utlikning, men det mangla det siste giret for å skape problem for Aalesund. Utover omgangen skapte ein periodar med trykk, men utan at det blei dei heilt store sjansane ut av det. Etter 55 minutt kontra heimelaget inn 2-0, og Kristian Lonebu satte spikeren i kista.
Med 5 minutt igjen fekk kaptein Paul Ngongo sitt andre gule kort etter ei stygg takling på Daniel Sætren. Karadn satte inn ein ekstra sluttspurt, men Aalesund var godt strukturerte og haldt nullen kampen ut.

Det betyr eit nytt tap og 0 poeng med på bussen heim frå Aalesund. Tusen takk til dei frammøtte på bortefeltet for støtta. Neste kamp er på heimebane mot Start laurdag 18. oktober. Fyrst ventar ein liten pause og landslagsopphald for karadn.
STAO NO PAO!