Oliver Hintsa sendte Fosshaugadn til himmels!

Scoringa langt inne i overtida sikra 3 poeng og vill jubel på Fosshaugadn!


Det skulle gå lang tid før scoringa kom, og mange sjansar vart brukt, men når den endeleg satt løfta heile Fosshaugadn seg! Oliver Hintsa scora 4 minutt på overtid og sikra ein ny siger!

Før pause fekk me sjå eit Sogndallag som tok initiativ i kampen. Kaptein Erik Flataker og resten av karadn spelte seg til sjanse på sjanse, men ein god Leander Øy stoppa det som kom. 6 avslutningar på mål og fleire store sjansar, men det ville seg ikkje. 

Også utover i andreomgang var det karadn som var det beste laget. Sjansane vart ikkje utnytta, sjølv om ein stanga og stanga mot Mjøndalen sitt forsvar. 10 minutt før slutt var også Mjøndalen nære scoring og Lars Jendal måtte i aksjon med nokre fantastiske redningar. Langt inn i overtida skulle allikevel scoringa komme. Martin Sjølstad kasta frå si venstreside. Ballen vart heada ned i beina på brennheite Oliver Hintsa. Spissen fekk til slutt kontroll på ballen og banka den opp i lengste kryss! Fosshaugadn tok fullstendig av, og både supportarar, støtteapparat og spelarar jubla villt. Sjå feiringa under:


Ein skikkeleg overtidssiger smakar alltid godt, og det er spesielt godt å feire den saman med supportarane på heimebane. Tusen takk for fantastisk støtte nok ein gong. Kaptein Erik Flataker gjer som han pleier og det er berre å nyte feiringa her:


Også i garderoben var det rom for ropet. Fysio Vegard Bjørklund leia an:


Erik Flataker spelte sin fyrste obligatoriske kamp som kaptein for Sogndal i dag. Det enda på best tenkeleg vis, og han fortel sjølv at dette var ein bardomsdrøm som gjekk i oppfylling:


Det er godt å vinne fotballkampar, og med 5 sigrar på rad er me inne i flytsona! No gjeld det å nullstille raskt, for allereie på onsdag er det klart for ny kamp på Fosshaugadn! Me møter Kongsvinger i runde 3 av årets cup, og gler oss til ein spennande kamp! Billettsalet er opna, og me oppmodar alle om å kjøpe billett så tidleg som mogleg. Sesongkorta gjeld ikkje for denne kampen, og det blir berre mogleg å kjøpe billett på Sognekrafttribuna og Lerumtribuna! Meir info om kampen kjem seinare!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: