
Opprykk for Sogndal 2!
Sogndal 2 er klare for 3. divisjon 2026! Sogndal 2
Sogndal 2 har levert ein fantastisk sesong i Kretsligaen, og ein runde før slutt har dei no sikra opprykket til 3. divisjon!
Sesongen byrja på heimebane mot Kaupanger, og det vart ein flott start på årets seriespel. Siger i den fyrste kampen vart fulgt opp med siger på siger gjennom våren. Fyrst i den siste kampen før sommarferien kom årets fyrste poengtap på bortebane mot Stryn. Kampen enda 1-1 etter ei sein utlikning frå heimelaget. Halvspelt var det Sogndal 2 som leia tabellen, og det såg allereie positivt ut i jakta på opprykket, sjølv om det var mange kampar igjen.
Haustsesongen byrja også med siger mot Kaupanger. Denne gong sat det lenger inne, og sigeren var ikkje i boks før eit seint straffespark sikra 1-0 på Kaupanger. Dei 3 poenga var viktige, og la grunnlaget for at hausten starta med 6 strake sigrar. Måla rann inn og karadn leverte ei rekke med meget gode kampar. I bortekampen mot Florø rauk sigeren etter 2 seine scoringar i mot, og 4-4 gjorde at spenninga i toppen framleis var til stades.
Poengtapet vart fulgt opp med ein flott siger mot Stryn på heimebane, og før bortekampen mot Høyang kunne opprykket sikrast med uavgjort. Karadn tok leiinga tidleg, men eit raudt kort tidleg i kampen gjorde det meir utfordrande. Til pause leia ein 2-1, men i andreomgang snudde Høyang kampen og holdt liv i kampen om opprykket.
I helga var det Sandane som kom på besøk til Fosshaugadn, og for å sikre opprykket måtte heimelaget vinne. Samtidig spelte Høyang på bortebane mot Florø. På Fosshaugadn leverte karadn til perfeksjon, og kampen enda til slutt 6-0. I Florø var det heimelaget som tok sigeren, og dermed var det ingen tvil: Sogndal 2 leiar tabellen med 7 poeng før siste runde og opprykket er sikra! No skal sesongen avsluttast på bortebane mot Årdal, og så byrjar jobben med å bli klar for 3. divisjon 2026.
Me gratulerer spelarane, trenar Nils Tore Krosshaug og resten av støtteapparatet med opprykk!
STAO NO PAO!