Oppsummering: Runde 3 av OBOS-Ligaen

Karane tok ein ny siger, Jónatan på rundens lag

Det vart eit hyggeleg gjensyn med Melløs Stadion i Moss då me var der på sundag. Sist vart det 4-1 til Aabrekk sine menn i 2010, denne gong slo Flo sine menn til med ein nydeleg 2-1 siger.



Les også: Siger mot Moss!!

Den siste kampen i runden vart spelt i Mjøndalen i går kveld. Den vann Fredrikstad, og med det resultatet plasserte dei seg på naboplassen på tabellen, med lik poengsum som våre karar.

Her er eindel relevant statistikk med meir på TV2 sitt Alt om fotball

I dag kom Rundens lag, og ikkje uventa var det plass til fotrappe Jónatan Jonsson, som både hadde flott mål, strøken assist og var elles veldig aktiv ute på naturgraset på Melløs.

Her er tilslutt nokre bilete frå kampen, alle foto Rune Sjøberg

På laurdag tek me i mot Bryne i den fjerde runden av OBOS-ligaen 2023. Det gler me oss til, og me håpar på god støtte frå tribuna. Kampbillett kan du kjøpa her

Annonse fra Obos-ligaen: