
Overtidssiger og avansement!
Sigeren sat langt inne, men Erik Flataker er i form! A-laget
Det vart som venta ein tøff kamp i årets fyrste runde av cupen. Volda gav oss ei tøff oppgåve, men på overtid kom den fortente scoringa som sikra avansement!
Volda var fulle av energi frå start, og sjølv om me hadde dei fyrste sjansane, kom det rask mål andre vegen. Allereie etter 5 minutt scora Knut Erik Myklebust, og sendte heimelaget i føringa.
Karadn fortsatte å angripe, og utlikninga kom tidleg. Når det var spelt 27 minutt var det Oliver Hintsa som skapte problem for Volda. Avslutninga vart redda, men på returen var Emmanuel Mensah fyrst. 1-1 og laga var like langt. Det var også stillinga til pause.
Etter kvilen fortsatte Karadn å presse på for leiarmålet. Volda sin keeper stod i mot, og vart også kåra til Volda sin beste spelar. Fyrst på overtid kom scoringa, og debutant Sebastian Pedersen fekk vist seg fram. Lukass Vapne la inn frå venstre, Sebastian Pedersen heada inn framfor mål og Erik Flataker sprang ballen i det opne målet. 3 mål på årets 3 fyrste kampar, og ein spiss i storform!
































































































Tusen takk for støtta til alle som møtte på bortefeltet i dag! Det kjentest ut som å spele på heimebane i dag! No ventar Ranheim på bortebane måndag 21. april. Kampen spelast i Frøya Storhall.
STAO NO PAO!