Påmelding open: Velkomen til OBOS-Camp i haustferien
Bli med på tre dagar fylte med fotballglede, utvikling og samhald! For jenter og gutar 6–12 år. Inkluderer utstyrspakke (genser, bukse og ball) og lunsj kvar dag. Breiddefotballen Utviklingsavdelinga
Sogndal Fotball inviterer alle jenter og gutar (6–12 år) til tre dagar med fotballmoro, ferdigheitsutvikling og nye vennskap i Sognahallen.
Me stiller med flinke instruktørar frå Sogndal-akademiet og utviklingsavdelinga, som sørgjer for at barnet ditt vert sett, får meistringskjensle og lærer nye ting.
Dette får deltakaren:
- Proff utstyrspakke: Alle får utdelt treningsbukse, half-zip treningsgenser og eigen fotball levert av OBOS.
- Mat og energi: Me stiller med gratis lunsj alle tre dagane.
- Kvalitetsøkter: Øvingsprogrammet er skreddarsydd av Norsk Toppfotball (NTF) og tilpassa utviklingsmodellen til Sogndal.
- Sosialt: Eit trygt og inkluderande miljø med fokus på Fair Play.
Ein dag på OBOS-Camp
Me legg opp til ein kjekk dag med utfordringar tilpassa barna:
- 09:45–10:00: Oppmøte for spelarane før trening
- 10:00–11:15: Økt 1
- 11:15–12:00: Lunsj og sosial pause
- 12:00–13:15: Økt 2
Praktisk informasjon
- Måndag: Registrering frå kl. 09:00 i hallen.
- Stad: Sognahallen (inne).
- Tidspunkt: Veke 41 (måndag–onsdag), 5.–7. oktober 2026.
- Klokkeslett: Aktivitet frå 10:00–13:15 (oppmøte frå 09:45).
- Alder: 6–12 år (jenter og gutar).
Viktig: Påmeldinga er bindande. Refusjon vert gjeven berre ved avlyst arrangement eller ved framvising av legeerklæring. Hugs å oppgje eventuelle allergiar ved påmelding.
Påmelding
Spørsmål?
Kontakt Adrian Gjengår, akademiansvarleg i Sogndal Fotball:
468 59 222
adrian.gjengar@sogndalfotball.no
Dette blir ein aktiv og lærerik haustferie. Bli med på OBOS-Camp!