Per-Egil takka for seg, og Elias debuterte
"Det er alltid ein Flo" A-laget
Sesongavslutninga vart ein skuffande kamp, men me sit att me mykje fint frå årets siste kamp på Fosshaugadn. Ranheim sikra kvalikk med 3 poeng, medan me takka av ein legende og ønskte velkommen ein ny Flo til sin fyrste kamp i OBOS-ligaen!
Før kampen vart Martin Sjølstad og Per-Egil Flo takka for innsatsen i Sogndal.
Den fyrste omgangen enda mållaust, og dei heilt store sjansane uteblei. Då gjekk laga til pause på 0-0, men i andreomgang skulle det skje meir framføre mål. Med scoringar i det 59., 83. og 93. minutt avgjorde Ranheim kampen til sin fordel, og sikra seg dermed 6. plassen framføre Lyn.
Med Sogndal-auge blir nok kampen i større grad hugsa for det som skjedde i det 90. minutt. Kaptein Per-Egil Flo vart bytt ut til ståande applaus og "Stao no pao" på anlegget, og inn kom Elias Svedal Flo, f. 23. juni 2008. Ein legende takka for seg etter 310 offisielle kampar, og inn kom Elias til sin aller fyrste. Og for dei som måtte lure: Elias er son av tidlegare Sogndalspelar og trenar, Tore André Flo.

Etter kampen var det Saftkokaradn og Juniorsvingen sin tur til å hylle Per-Egil Flo. Signert banner var gåva frå Saftkokaradn, og med juniorsvingen vart det både selfiar og autografskriving.
Me vil rette ein stor takk til dei som har fulgt oss gjennom sesongen, og som har støtta oss i oppturar og nedturar! No er det tid for fotballpause, men me kjem sterkare attende til neste år. Takk for i år!
STAO NO PAO!
