Poengdeling mot Åsane

Det enda med 1-1 og poengdeling heime mot Åsane

Me opna kampen godt og satte i gang eit bra trøkk mot Åsane-forsvaret. Det resulterte i fleire gode sjansar, men ingen av dei skulle gje oss det fyrste målet. Utover omgangen fekk også Åsane låne ballen litt meir, og fekk nokre sjansar på innlegg inn i boksen. Renze Fij stengte heldigvis igjen og hadde god kontroll. Etter 22 minutt spelt fann Martin Sjølstad Kristoffer Nessø framfor målet. Stor sjanse, men avslutninga gjekk diverre utanfor. Utover omgangen fortsatte me å pressa på for scoring, men stillinga når laga gjekk til pause var 0-0.

I andreomgang skulle det endeleg kome mål. Etter 50 minutt spelte Jónatan Jónsson igjennom Valdimar Ingimundarson som satte ballen i mål. Målet vart diverre annulert då linjedommar dømte offside, men det stoppa ikkje karadn frå å angripa. Etter 58 minutt spelt kom leiarmålet. Jónatan Jónsson drog seg fri på høgrekanten og lobba ballen inn framfor mål. Der kom Martin Sjølstad og stanga ballen i mål. Ein skikkelig krigescoring, og målscoraren vart også liggande nede nokre minutt etter samanstøtet med Åsane-keeper Idar Lysgård. 

Sjølstad Åsane.jpg
Martin Sjølstad jublar etter 1-0-scoringa. Foto: Håvard Nesbø

Sjølstad kom seg på beina og feira scoring, men leiinga skulle ikkje halde ut kampen. Åsane kom seg meir inn i kampen utover omgangen og fekk til slutt uttelling. Eit langt innlegg frå Kristoffer Larsen på høgresida fann Sindre Austevoll på bakerste stolpe. Han fekk ein enkel jobb med å styre ballen i mål, og det stod 1-1 på Fosshaugadn. Til tross for fleire gode moglegheiter på slutten av kampen ville det seg ikkje. Det enda med 1-1 og poengdeling på Fosshaugadn i dag. 

Ein stor takk til Saftkokaradn og resten av supportarane på Fosshaugane i dag. Me rettar no fokuset mot neste kamp, som er borte mot Jerv laurdag 30. september. Der er det nye 3 poeng å kjempa om.

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: