Poengdeling mot Godset
Martin skåra eit flott mål
Det vart 1-1 og poengdeling mot Strømsgodset i kveldens oppgjer på Fosshaugane Campus. Marnardølen Martin Ramsland skåra eit flott mål på eit like flott framspel av mandalitt Eirik Schulze. Litt sørlandsmagi på Fosshaugane.
Videoen er ikke tilgjengelig.
Sogn Avis: Ramsland berga poeng for Sogndal
Det starta litt fram og tilbake. Strømsgodset hadde ein ball i tverrleggjaren bak Mathias Dyngeland i starten, og i det 14. minuttet tok bortelaget leiinga ved Bassel Jradi.
Me spelte oss meir inn i kampen, og etter 31 minutt slo altså sørlendingane våre til og prikka inn 1-1, som vart pause- og sluttresultatet.
Sogn Avis: Ramsland takka Bøe etter scoringa
NRK: Endeleg sat han for duracell-Ramsland
Etter runde 4 ligg me på ein 11. plass med 4 poeng og 6-8 i målskilnad. På søndag skal me til Oslo. Der får me ei hard oppgåve mot eit Vålerenga som vart sendt heim frå Molde med 0-4 og halen mellom beina.
- Det er på tide at me opnar poengkontoen på bortebane, sa trenar Eirik Bakke etter dagens kamp. Det skjer på Ullevaal til helga.