Pressemelding: Konstituert dagleg leiar

Ingrid Narum (44) er konstituert dagleg leiar i Sogndal Fotball

Ingrid Narum, f. 1981, er i samråd med styret og dagleg leiar Gisle Olsen, konstituert som dagleg leiar i Sogndal Fotball. Avtalen trer i kraft med umiddelbar verknad og vil vere eit vikariat på 6 månadar.

- Ein hadde ønske om å få inn nokon umiddelbart for å bistå i klubbdrifta, og eg har hatt dialog med styret då eg har flytta tilbake til Sogndal og ønskjer å engasjere meg her. Eg håpar at eg kan kome inn å bistå med ein gang, fortel Narum.

Ingrid Narum er konstituert som dagleg leiar i Sogndal Fotball
Ingrid Narum er konstituert som dagleg leiar i Sogndal Fotball

Ingrid Narum har god erfaring frå jobbar i idretten, og vil no få ei viktig rolle inn mot 2026 og ein ny sesong:

- Eg har bakgrunn frå å jobbe mange år i idretten med administrasjon og dagleg drift. Eg må bidra med det eg har erfaring med, samtidig som eg må setje meg inn i korleis ting fungerer i Sogndal Fotball. No har eg jobba i over 10 år i idretten for Sogn og Fjordane idrettskrins, dagleg leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Sør-trøndelag skikrins og no seinast Ski VM Trondheim. Det gjennomgåande er mykje administrativt ansvar, drift og koordinering og prosjektoppfølgjing. Eg er også van med å forhalde meg til styre, tillitsvalde og frivillige i ein klubb, fortel ho.

- Eg er sogndøl, og eg kjenner godt til engasjementet både i fotballen og rundt Campus. Eg har hatt eit ønskje om å flytte tilbake, men også å bidra inn i Sogndal, og no dukka denne moglegheita opp. Eg gler meg til å bidra, legg ho til.

Narum vil nytte dei neste dagane til å gjere seg kjend med organisasjonen og samarbeidspartnarane våre. Me ønskjer velkommen og gler oss til samarbeidet!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: