Quality Hotel Sogndal er med vidare på laget
Quality Hotel Sogndal og Sogndal Fotball forlengar det gode samarbeidet. No gler me oss til å starte sesongen med ein sosial samling på hotellet etter kickoff førstkomande laurdag!
Den nye samarbeidsavtalen mellom Quality Hotel Sogndal og Sogndal Fotball for 2026-sesongen er eit viktig steg vidare i eit allereie sterkt og langsiktig samarbeid.
– Me er med og det har me vore i snart 50 år, seier Jørgen Christian Lindstrøm, hotellsjef hjå Quality Hotel Sogndal.

For oss handlar gode partnarskap om meir enn støtte. Det handlar om relasjonar som er bygde over tid. Når ein samarbeidspartnar som Quality Hotel Sogndal vel å vere med vidare, gir det klubben både stabilitet og tryggleik i det daglege arbeidet. Det gjer oss betre rusta til å tenkje langsiktig, utvikle klubben vidare og skape gode opplevingar både på og utanfor bana.
– Det er utruleg stas at det flotte hotellet vårt vil halde fram det gode samarbeidet, seier Kristoffer Bidne, vår marknadsansvarlege.
Me gler oss stort til ein ny sesong, og allereie førstkomande laurdag brakar det laus med kickoff i det nye Svingen-bygget. Men festen stoppar ikkje når programmet på scena er ferdig.
Me inviterer alle supporterar og vener av klubben til å halde fram festen på Quality Hotel Sogndal etter kickoff på laurdag! Me sjåast!
STAO NO PAO!