
Retro-Jon før kampen
Ein kamp att - Mjøndalen neste.
Me skriv 28. desember – ei tid på året der fotballen gjerne er i kvilemodus. Slik er det definitivt ikkje i år. Det er tid for romjulstur til Oslo og Intility Arena der gevinsten kan vera opprykk til eliteserien. Å møta Mjøndalen til kvalifisering for neste års eliteserie, tilseier at dette blir eit realt cupdrama. Vinn eller forsvinn på ein måte. Skulle det bli framhald i Obos-ligaen, så er Sogndal rigga for det og. Det er jo “berre” ein fotballkamp.
Realistisk så er Mjøndalen favoritt. Eg vil antyda 60-40. Eit utgangspunkt som vil passa våre karar fint. Som mot Ranheim - det handlar om å få brukt energien og kampviljen rett. Å fungera som LAG. Då kan me også slå Mjøndalen. Bruntrøyene er heller ikkje på heimebane. Dessutan - eg er sikker på at Akor Jerome Adams si glede etter scoringa mot Ranheim verkar inn på heile laget vårt.
Mot Mjøndalen på Nedre Eiker stadion har Sogndal opplevd fleire lystige oppgjer. Møtet med Saihou Sarr var alltid kjekt. Sjølv om han lurte oss fælt i 1978 og scora to før me var varme i trøya. Og då me hadde MIF i kne og skulle avgjera kampen mot slutten, rauk me på ei komisk mistyding av eit offsidetrekk og tap 2-3. Godt den episoden ikkje finst på film!
Sarr var ein gentelman på fotballbana, med glimt i auga og med smilet på plass. Slik også før kampen i 2010 då han traff igjen Håvard Flo som han trente då Håvard var ung strynespelar. Det vart 1-0 siger til Sogndal i MIF sitt 100-jubileumsår.
I 1984 var det dramatisk. Jermund Skartun laga 3-1 målet ni minuttar før slutt. Sogndal var med det resultatet klar for eliteserien. Frode Grodås og resten av sogndalforsvaret gløymer ikkje så lett dei siste minuttane. Per Terje Markussen og Co klarte nemleg kunststykket å utlikna. Og dermed rauk også opprykksdraumen.
Magdalon Sætre var i mange år ein real midtbaneslitar, og med ein god pasningsfot, venstrao! Mot Mjøndalen i 1981 scora han med eit kanonskot frå kring 20 meter, med høgrefoten. Måtte jo bli siger då, for Lasse Opseth bidrog med to mål i 3-1 sigeren.
Kan leika litt med tal og. På dei fire siste bortekampane mot Mjøndalen har Sogndal denne rekkja: 1 – 3 – 0. Altså utan tap.
Ein ting er sikkert. Det blir jamt høg puls på Intility og i dei tusen heimar ved TV-skjermen, måndag frå kl. 17. Alt kan skje - nøktern optimisme pregar fotballmiljøet vårt.
Stao Pao, kara! De er gode nok.