
Runde 19: Til Nadderud for å kjempe om nye 3 poeng!
Me går for 3 sigrar på rad i OBOS-ligaen, og Stabæk er neste motstandar! A-laget
Stabæk - Sogndal
-
Måndag 18. august kl. 19:00
-
Nadderud Stadion
-
OBOS-ligaen 2025, runde 19
Etter 2 sigrar på rad i OBOS-ligaen ventar Stabæk på Nadderud. Karadn skal revansjere cupexiten mot Bjarg og ta 3 nye poeng i serien.
For 3. gong på 2 år møter me Stabæk i den fyrste kampen med ny trenar. Det må vere ein eller annan rekord, men karadn skal vere klare allikevel. Etter ein tøff sesongstart måtte Jörgen Wålemark gå, og inn kom Bjørn Helge Riise som midlertidig trenar. No har svenske Mikael Stahre overtatt, og skal leie dei blå vidare.
Med 18 rundar ferdigspelt ligg Stabæk på 14. plass med 15 poeng. Det betyr foreløpig kvalikplass, men det er tett på nedre halvdel av tabellen. Vårt førre møte var i heimekampen i vårsesongen, og då enda det 1-1. Martin Sjølstad scora målet vårt, medan Magnus Dahlby utlikna på straffespark. Det blir ein ny tøff kamp i morgon, men denne gongen skal me ta alle 3 poenga.
Martin Sjølstad scora sist laga møttast, men i dag har han overtatt mikrofonen. Kasper Skaanes har blitt far til nr. 2, men i morgon er han endeleg tilbake i kamptroppen:
Sist Jacob Flaten vart intervjua før ein kamp, enda det med den fyrste scoringa i OBOS-ligaen. No er han klar for kampen mot Stabæk, og kanskje får me endå ei scoring frå midtbanespelaren:
Me håpar å sjå mange på bortefeltet i morgon, og karadn lovar nok ein underhaldande kamp i OBOS-ligaen. Kle dykk i svart og kvitt og hjelp oss til 3 poeng!
STAO NO PAO!