
Runde 2: Årets fyrste kamp på Fosshaugane Campus
No skal det endeleg smelle på Fosshaugadn! A-laget
Sogndal - Aalesund
-
Laurdag 5. april kl. 16:00
-
Fosshaugane Campus
-
OBOS-ligaen 2025, runde 2
Det er ikkje ofte me kjem til fyrste heimekamp i OBOS-ligaen, utan å ha spelt ein einaste treningskamp på Fosshaugadn. I år har me gleda oss ekstra lenge til å kome ut på vår flott stadion, og no er det endeleg klart for fest! Me får besøk av Aalesund, og karadn er heiltente før kampen!
Aalesund blir altså vår fyrste motstandar på Fosshaugadn i år, og det er ein tøff motstandar me møter. Kjetil Rekdal og Geir Frigård overtok ansvaret i fjor, og fekk fart på eit Aalesund i krise. Sesongen vart redda, og i år siktar dei mot opprykk. Mange har dei som favorittar til å rykke opp saman med blant anna Lillestrøm, og i fyrste kamp spelte nettopp dei to laga 2-2 i Ålesund. Historia viser mange tett oppgjer mot Aalesund, og me skal sørge for at det blir ein tett og jamn kamp også på laurdag!
Erik Flataker fekk ein god start på sesongen, og opna scoringskontoen allereie i fyrste runde. Sjølv om det vart tap mot Start er han ikkje bekymra, og trur på ein god kamp mot Aalesund:
Sander Granheim (17) fekk debuten i OBOS-ligaen mot Start. Der løyste han oppgåvene sine veldig bra, og no gler han seg til å møte Aalesund på Fosshaugadn:
Dei siste dagane har me hatt besøk av våre tyske venn Marco Bader. Han er stor supportar, og hjelper oss med å adminiserere Facebooksida "Sogndal International". Der deler han informasjon og nyheiter om klubben til våre internasjonale følgjarar. Følg gjerne sida ved å trykke her! Før kampen mot Aalesund gjennomførte Marco eit intervju med vår nyaste signering, Ronney Onyango!
Skraol Pub er tilbake!
Det er me stor glede me kan informere om at Skraol Pub er open på laurdag. Me gler oss til den gode stemninga med fin fotballprat, diverse program og noko godt å ete og drikke. Både Luis Pimenta og Kjetil Rekdal kjem innom for å fortelje litt om status før kampen. Skraol er open for alle, men dei som er under 18 år må ha følgje av ein vaksen. Velkommen!
Opningstider:
- 14:00-16:00 (2 timar før kampstart)
- 16:45-17:00 (pausen)
- 17:45-18:45 (1 time etter kampslutt)

Kampen visast på Tv2 play eller på Sogn Avis/Direktesport. Me håpar sjølvsagt å sjå alle på tribuna, og gler oss veldig til å kome i gang med sesongen på Fosshaugane Campus! Hugs at ein kan hente sesongkorta i billettbui før kampstart!
Kjøp billett her! og les informasjon om sesongkort her!
STAO NO PAO!
PS: Etter vår kamp mot Aalesund skal Sogndal FK Damer spele cupkamp mot Fyllingsdalen! Me håpar de tek turen innom Skraol etter kampen, og at de blir igjen på Fosshaugadn for å støtte jentene!