
Runde 24: Me møter Kongsvinger på Fosshaugadn!
Me håpar å sjå dykk på kamp på søndag! A-laget
Sogndal - Kongsvinger
-
Søndag 28. september kl. 14:30
-
Fosshaugane Campus
-
OBOS-ligaen 2025, runde 24
Det er klart for ein ny heimekamp i OBOS-ligaen, og det er Kongsvinger som er motstandar. Karadn er klare for ein tøff kamp, og me håpar å sjå dykk på tribuna!
Det vart ein nervepirrande og intens kamp i førre møte med Kongsvinger på heimebane. Flomlys og god stemning skapte ei herleg ramme gjennom heile kampen. Oliver Hintsa sendte oss i føringa allereie etter 2 minutt, men bortelaget snudde kampen. Scoringar frå Erik Fltaker og Sebastian Pedersen sikra 3-3 til fulltid. Etter 120 minutt stod det framleis 3-3, og kampen skulle avgjerast på straffesparkkonkurranse. Der var det bortelaget som gjekk sigrande ut, men på søndag vil me ha revansje.
Kongsvinger har levert ein sterk sesong til no, og etter 23 kampar spelt er dei berre eitt fattig poeng frå direkte opprykk. Før dei kjem til Fosshaugadn har dei tatt 40 poeng, noko som gir ein førebels 3. plass på tabellen. Det er allikevel tett i toppen, og kvart poeng kan bli heilt avgjerande når det skal teljast opp i november. Me er førebudd på ein tøff kamp, men karadn skal gjere alt dei kan for at poenga blir igjen i Sogndal.
Sander Granheim har spelt samtlege kampar i år, og fått prøve seg både som midtstoppar og på midtbana. No er han og karadn klare for ein ny kamp:
Martin Sjølstad fortel at karadn ønskjer å revansjere dei to siste kampane mot Kongsvinger, og kan også røpe at Kasper Skaanes har satt ny personleg rekord i toppfart denne veka:
Det er meldt sol og nydeleg temperatur under kampen på søndag. Me gler oss til å sjå dykk på Fosshaugadn igjen, og håpar at me kan kjempe inn ein siger saman! Ta med venar og familie på kamp!
STAO NO PAO!