Runde 29: Odd - Sogndal

Årets nest siste runde av OBOS-ligaen 2025!

Odd - Sogndal

  • Laurdag 1. november kl. 16:00

  • Skagerak Arena, Skien

  • OBOS-ligaen 2025, runde 29

Me må heilt tilbake til 2017 for å finne det førre offisielle møtet mellom Odd og Sogndal på Skagerak Arena. No går turen til Skien igjen, og me skal avslutte sesongen på best mogleg måte!

Odd fekk eit tøft møte med OBOS-ligaen etter nedrykket frå Eliteserien, og har ikkje innfridd forventningane om å kjempe heilt i toppen på fyrste forsøk. Hovudtrenar Knut Rønningene vart vald som mannen til å ta Odd tilbake til toppdivisjonen, men etter ein skuffande sesong var samarbeidet avslutta i september. Inn kom danske Per Frandsen, og med siger mot Åsane og Aalesund i dei to fyrste seriekampane, såg det ut til at Odd skulle få eit løft. På dei fire neste kampane har det blitt 3 uavgjorte og eit stygt 1-7 tap mot Lillestrøm, men det vil uansett bli tøft å møte dei på Skagerak.

K P
7 Ranheim TF 28 42
8 Sogndal 28 40
9 Odd 28 33
10 Stabæk 28 31

Før dei to siste rundane ligg Odd på 9. plass på tabellen. Det er plassen bak oss, og avstanden er 9 poeng, som betyr at Odd ikkje har moglegheit til å klatre til øvre halvdel av tabellen. For oss er det framleis ein teoretisk moglegheit for kvalifiseringsspel. Om det skal bli eit faktum må me gjere jobben sjølv og vinne mot Odd og Ranheim. I tillegg må Lyn tape begge sine kampar mot Stabæk og Start. Sjansen er liten, men me skal sjølvsagt kjempe til siste slutt for å avslutte sesongen best mogleg.

I møtet med Odd på Fosshaugadn vart det jubel etter ein fartsfylt og underhaldande kamp. Bortelaget tok leinga etter berre 15 minutt spelt, men Oliver Hintsa og Erik Flataker snudde kampen til 2-1 på 4 minutt i andreomgang. Odd utlikna igjen berre 2 minutt etter, men mot slutten var det toppscoraren vår som dukka opp. Oliver Hintsa stanga inn vinnarmålet og sendte Fosshaugadn til himmels. 


Sogndalbui har fått inn nye produkt, og ein får no eit variert tilbod av supporterartiklar for store og små i butikken vår! Me har alt i frå drakter og bodyar, hovudplagg som caps, huer og hattar, skjerf, pledd, truser og boxerar og mykje meir! I nettbutikken kan du sjå om du finn nokre flotte julegåver, og sikre at julehandelen er ferdig i god tid!

Gå til Sogndalbui!

Me håpar som vanleg å sjå mange på bortefeltet i Skien! Litt ekstra støtte i ryggen kan vere forskjellen på siger og tap, og me skal gjere alt me kan for å ta med 3 poeng heim til Sogndal. Kampen kan ein sjå på Tv2 Play eller Sogn Avis/Direktesport!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: