Runde 5: Mjøndalen er neste motstandar i OBOS-ligaen!

Karadn er i flytsona, og går for 3 nye poeng!

Me er allereie kome til runde 5 av OBOS-ligaen! Mjøndalen er motstandar, og me gler oss til ein ny kamp framfor publikum på Fosshaugadn!

Mjøndalen har fått ein tøff start på sesongen, og står med 2 poeng på sine fyrste 4 kampar. Tap for Egersund og Start, og uavgjort mot Raufoss og Aalesund er fasit så langt. I cupen ser det mykje lysare ut, då dei slo ut rival Strømsgodset i førre runde. I runde 3 ventar Strømmen på bortebane, og gode moglegheiter for avansement.

Mjøndalen blir trena av Kevin Nicol, og har gått igjennom ein del endringar sidan i fjor. Alie Conteh er mannen på topp for bruntrøyene, og har byrja sesongen med to scoringar. Også Jesper Svenungsen Skau har byrja sesongen med to mål. I tillegg vil truleg fleire dra kjensel på Mjøndalen sin keeper. Leander Øy frå Årdal er på utlån i Mjøndalen og blir å sjå mellom stengene i morgon.

Månadens unge spelar

Erik Flataker har byrja sesongen fantastisk, og har scora i alle 4 kampane i OBOS-ligaen. I tillegg har han servert Oliver Hintsa sitt vinnarmål i sigeren mot Odd. Erik har også vore ein viktig spelar i gruppa som leiarfigur, og mot Mjøndalen får han tillit som kaptein.

Les meir og sjå video av utdelinga!

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Russen mot Odd
Sander Granheim saman med sine medruss etter kampen mot Odd!

Russebilletten

Russen er hjarteleg velkommen på kamp gjennom heile russetida, og i førre kamp var stemninga god. Me håpar på endå fleire på tribuna i morgon! Bruk promokoden russ25 for å sikre billett til berre 50kr!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: