
Seiler fra Bergen til Bodø utan nyrer
Hennar største ønske er at fleire skal seia ja til organdonasjon, det reddar liv
Laurdag 5. august kasta Stina Isabel Almli Pettersen Nordine og skipper Fridtjov Bermann loss frå Zachariasbryggen i Bergen. Dei skal segla frå Bergen til Bodø med eit dialyseapparat ombord, målet er å skapa merksemd om organdonasjon og nyresjukdom.
På grunn av alvorleg nyresjukdom er Stina utan fungerande nyrer, og er heilt avhengig av å reinsa blodet ved hjelp av dialyse. Dialyse er ei livsnødvendig behandling der maskina gjer jobben nyrene eigentleg har i kroppen vår. Den fjernar avfallsprodukt frå blodet og regulerer balansen til kroppen av salt, vatn og syre
Følg med på Stina sin reise på Instagram
Stina Seiler for organdonasjon
I løpet av seglinga skal ho besøkja ei rekkje stader langs kysten for å setja fokus på organdonasjon, mellom anna sjukehus, idrettslag og foreiningar.
Vil du bli organdonor? Trykk deg inn her for informasjon

Stina inviterte til ein prat på gjestekaia i Florø, der fekk me vita meir om korleis organdonasjon fungerer. 41 åringen har venta på ei nyre i over fire år, i fjor fekk ho transplantert inn ei ny nyre som dessverre var defekt. Då vart ho sett på lista igjen, og med den lange ventetida er dette ei stor påkjenning. Hun er ein av over 500 nordmenn som ventar på eit nytt organ
"Å venta på eit organ er ei kronisk frykt for å ikkje halda ut til dagen kjem. Det er å kjenna på ubalanse, avmakt og å grua seg til å bli dårleg før neste dialyse. Lange ventelister gjer ikkje saka betre. Og etter det mislykka transplantasjonsforsøket, ser det ikkje så veldig lyst ut akkurat no"
Visste du at du kan ha donorkortet ditt på mobilen din? Du kan lasta ned appen i linkane nedanfor
Me vil ønskja Stina lykke til på reisa vidare, me heiar på deg!
Stao no pao