Sesongkort 2026 - bli med oss på Fosshaugane!
No kan du fornye eller kjøpe ditt sesongkort for 2026-sesongen!
Me er klare for ein ny sesong i OBOS-ligaen på Fosshaugane Campus! No kan du sikre deg sesongkort, anten du vil fornye eller kjøpe sesongkort for 2026-sesongen!
Den første helga i april er OBOS-ligaen 2026 i gang, og første heimekamp på Fosshaugane blir laurdag 11. april mot Lyn!
Fosshaugane Campus skal vere ein tøff stadion å kome til, og då treng me dykk på tribuna! Sogndal Fotball treng den ekstra energien det gjev at du blir med på laget! Luis Pimenta og teamet hans gler seg til ein ny sesong, og me håpar å sjå dykk når det sparkast i gang i april!
Hadde du sesongkort i 2025?
Alle som har hatt sesongkort i 2025 har motteke ein fornyingsmail/sms frå TicketCo. Ved å klikka på vedlagt link i mailen kan ein enkelt fornya sitt sesongkortsete. Siste frist for å fornye sesongkortet er 15. februar. Etter dette blir setet opna for sal.
Om du ikkje har motteke mail så ta kontakt med billett@sogndalfotball.no - ta med namnet du er registrert på og plassane du har hatt. Det same gjeld om du ønskjer å byta plassar e.l.
Fordelar med sesongkort:
- Fast plass på alle OBOS-kampar med tilbod om fornying kvart år.
- Vår beste pris - altså totalt billigare enn å kjøpe enkeltbillettar
- Forkjøpsrett til ein eventuell cupfinale
- 10% i Sogndalsbui på stadion (sesongkort må visast fram med kjøp i bui)
- Interessante tilbod fra våre partnarar og sponsorar
100% digitale sesongkort
Frå 2026 vil ein ikkje lenger få eit fysisk sesongkort, men det vil vere tilgjengeleg digitalt via Ticketco. Når ein kjøper eller fornyar sesongkortet sitt vil ein få ein mail med billett og QR-kode. Denne kan lastast ned eller lagrast på telefonen, og ein kan sjølvsagt også skrive den ut om ein ønskjer. For dei som framleis ønskjer å ha det fysiske sesongkortet er dette også mogleg. Når ein kjøper eller fornyar vil ein få valet om ein også vil kjøpe eit fysisk sesongkort for eit ekstra gebyr på 100,-. Dette vil då bli satt i produksjon og kan hentast i Sogndal knytt til dei fyrste heimekampane i 2026. Større valfridom for supportarane, og mindre plastbruk for miljøet!
Diverse informasjon:
- Barn under 3 år gratis på fanget til betalande vaksen
- Barn gjeld frå 4 - 16 år
- Honnør - bevis må kunne framvisast ved kontroll
- Student - studentbevis må kunne framvisast ved kontroll
- Ledsager - ledsagerbevis må kunne framvisast ved kontroll
STAO NO PAO!