Siger i Molde!
Mandals-gutta fiksa biffen
Stor stemning i garderoben like etter kampslutt på Aker Stadion!
Eirik Schulze og Martin Ramsland skåra måla som gjorde at me drog i land ein fortent siger i Molde i dag. Det var likevel eit lag med matchvinnarar utpå der, då samtlege stod fram og gjorde dette til nok ein stor siger for Laget.
Det var 0-0 til pause, men det var ingen sjansefattig kamp. Gutta våre jobba hardt, og i Gilbert Koomson hadde me ein artist. Når Gilbert er i form som han er no om dagen, er han ein utruleg artig spelar å ha i laget.
I andre omgang kom måla, og først ut var Martin Ramsland.
Litt etter var det en annen sørlending som banka ballen i nota. Eirik Schulze noterte seg for si første skåring i kvitedrakta.
Me snakka med dei to blide Mandals-gutta etter kampen
Minuttet etter vår siste skåring, reduserte Molde til 1-2. Resultatet stod seg ut kampen, og me kunne ta med oss tre viktige og herlege poeng med heim til 17. mai-toget i morgon.
Eirik Bakke var veldig glad etter kampen, og veldig stolt over gutta sine.
Sogn Avis var som alltid på kamp, les om kampen i den beste avisa her.
Sogn Avis: Schulze: - No blir det kjekt å gå i 17.mai-tog
Sogn Avis: Full pott med Wæhler: - Morosamt å vera med på
Sogn Avis: Utruleg Ramsland-statistikk: Fire skot - fire scoringar!
Firda: – Eg sa det til dei, vi skal ta ein skalp her oppe
FirdaLive: Kampreferat
Stao no pao!!