Siger mot Moss!!

Me slo Kællane 2-1 på Melløs

Karane er på veg heimover med tre poeng i bagasjerommet på bussen!





Etter kampslutt feira spelarane i lag med dei flotte supportarane våre med Ropet og jubalong. Tusen takk for støtta. Karane var så glade for dei tre poenga at Erik Flataker måtte til med Ropet då dei kom inn i garderoben også.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Det vart ein kamp der spelarane våre jobba og sleit. Me fekk ei skåring i kvar omgang. Og det var vår islandske duo som stod for dei flotte måla.

I første omgang sørga Jonatan Jonsson for at me kunne gå til pause med eittmålsleiing med eit flott mål i det 37. minuttet. Landsmann Valdimar Ingimundarson dobla leiinga i det 74. minuttet, ei leiing som stod då kampuret passerte nitti minutt.

Men så var det ei spennande avslutning på kampen, for heimelaget reduserte til 1-2 nokre minutt på overtid, og dei hadde framleis tid nok til å skåra eitt mål til. Karane våre klarte å ri av stormen og kan med det ta med seg alle poenga heimatt til Sogndal.

Trenar Tore André Flo var ein veldig glad mann etter kampslutt





Mansour Gueye var ikkje mindre fornøgd enn trenaren sin, og er glad for den sesongstarten me har hatt med sju poeng av ni moglege.

Les om kampen i Sogn Avis

Moss – Sogndal 1–2 (0–1)

OBOS-ligaen, 3. serierunde, Melløs stadion, søndag 23. april

Mål: 0–1 Jonatan Jonsson 35. min, 0–2 Valdimar Ingimundarson 74. min, 1–2 Henrik Gjesdal 90. min

Gule kort: Kristian Strande, Moss

Domar: Jan Morten Tennøy, Nore Neset IL

Moss (4–3–3): Mathias Ranmark – Marius Andresen, Kristian Strande, Henrik Gjesdal, Adan Hussein – Faites Makosso, Alexander Håpnes (Anas Farah Ali frå 59.), Aksel Baran Potur – Lorent Callaku (Amin Askar frå 70.), Claudio Braga, Noah Alexandersson

Sogndal (4–3–3): Renze Fij – Andreas Hoven, Mansour Gueye, Daniel Arrocha, Martin Sjølstad – Valdimar Ingimundarson, Isaac Twum, Kristoffer Nessø – Jonatan Jonsson (Kristoffer Steinset frå 79.), Erik Flataker (Alejandro Diaz frå 75.), Sondre Ørjasæter (Endre Kupen frå 65.)

På laurdag kjem Bryne til oss. Avspark er klokka 15:00 og billett til den kampen kan kjøpast her

Annonse fra Obos-ligaen: