Sjå samandrag: Tungt overtidstap mot Åsane
Even Hovland stanga inn utlikninga, men Åsane avgjorde langt inne på overtida. Sogndal tapte 1–2 på bortebane søndag kveld. A-laget
– Det følest som eit unødvendig tap, seier hovudtrenaren etter 1–2-tapet på bortebane søndag kveld.
Sogndal hadde sjansar til å ta leiinga. Før pause fekk KP Arerhi ein stor sjanse, medan Jamal Haruna var nær etter eit hjørnespark. Etter kvilen trefte Harald Woxen tverrliggjaren, og heimelaget sin keeper redda eit skot frå Lukas Vapne.
Likevel var det Åsane som tok leiinga på sin første sjanse etter pause.
Utlikna – og jakta sigeren
Sogndal sette inn Elias Flo, Onni Helén, Preben Asp og Emmanuel Mensah i jakta på mål. Utlikninga kom på eit hjørnespark då Kasper Skaanes slo inn og Even Hovland stanga inn 1–1.
Sogndal gjekk for sigeren, men vart tekne på ei kontring. Langt inne på overtida sette Åsane inn 2–1.
– Me går litt for mykje for det, kanskje. Me har mange angrepsspelarar på bana. Så tek dei oss på ei kontring, seier Bakke.
Må nullstille før Odd
Bakke fortel om ei skuffa spelargruppe etter kampen.
– Gutane er langt nede, så me må bruke heimturen no. Verte ferdige med denne kampen og gå på mot Odd på onsdag, seier Bakke.
Med ein ny kamp berre få dagar unna er bodskapen til spelarane tydeleg:
– Uansett kva som skjer, så må me nullstille. Masse positive ting i dag òg, men det er null poeng. Så det er skuffande.
Onsdag kjem Odd til Fosshaugane Campus. Har du sesongkort, kan du ta med deg ein ven gratis på kampen.
Laget: Jendal - Hovland (K), Haruna (86' Mensah), Hillestad - Onyango, Gausdal (72' Elias Flo), Vapne (62' Onni Helén), Woxen, Skaanes - Pippola, Ariehi (86' Asp)
-
3Flo
-
5Harrison
-
11Mensah
85'
-
15Helén
62'
-
18Hagen
-
20Asp
85'
-
24Bieszczad
-
32Øren
-
39Flo
71'