Skal «stao pao» saman til 2021
SparebankenVest og Sogndal Fotball forlengar samarbeidet
Sparebanken Vest og Sogndal Fotball blei kjapt einige om å forlenge samarbeidet, og har no inngått ei ny generalsponsoravtale som vil gjelde frå 2018 og ut 2021-sesongen.
- Vår opphavlege avtale gjeld ut 2017, så det at me allereie no har forlenga samarbeidet tyder på langsiktige partnarar som nyt godt av kvarandre, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball Egil Mundal.

Sparebanken Vest har vore generalsponsor for Sogndal Fotball sidan 2008, og for banken var det og viktig å få på plass ei tidleg fornying slik at klubben kunne få forutsigbarheit og arbeidsro både komande sesong, og sikre eit godt grunnlag for å utvikle klubben i mange år framover.
- Denne gongen blei me også einige om rammene for ny avtale på veldig kort tid. Det synest eg vitnar om stor gjensidig tillit for både klubb og bank, og er ein honnør til våre tilsette for jobben som har vore gjort både på og utanfor bana inneverande periode, fortset Mundal.
- Vårt mål er at våre kundar skal oppleve oss som ein langsiktig partnar, og det gjeld og for banken sine sponsorpartnarar. Sogndal Fotball er flaggskipet i regionen og me ser at heile fylket står bak laget, også når ein eigentleg tilhøyrer andre klubbar. Det vitnar om at klubben har ei samlande kraft som skapar engasjement og er til inspirasjon for unge spelarar i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.
- Vårt mål er at våre kundar skal oppleve oss som ein langsiktig partnar, og det gjeld og for banken sine sponsorpartnarar. Sogndal Fotball er flaggskipet i regionen og me ser at heile fylket står bak laget.
— Administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.
Han legg til at sjølv om sponsoravtalen er kommersiell har Sogndal Fotball si rolle som samfunnsaktør vore avgjerande for Sparebanken Vest.
- Eg vil spesielt trekke fram den utruleg imponerande innsatsen som klubben har lagt ned for å utvikle Fosshaugane Campus som senter for næringsutvikling, utdanning og idrettsarena for barn og unge. Anlegget er truleg landet sin best besøkte arena etter Ullevaal stadion. Det er ei bragd i seg sjølv sett opp mot folketalet i fylket, held Kjerpeseth fram.
- I Sparebanken Vest har me ein partnar som har vore sentral i utviklinga av både den moderne fotballklubben og Fosshaugane Campus. Klubben har vore innovativ på fleire områder, og me opplever at Sparebanken Vest kanskje er den mest innovative og tilpassingsdyktige banken i marknaden. Me har såleis veldig gode føresetnadar for framleis godt samarbeid, seier Egil Mundal.
For meir informasjon kontakt:
Daglig leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal på telefon: 952 73 630
Administrerende direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth på telefon: 951 98 430