
Slik blir sesongoppkøyringa
Treningsleir i Marbella og åtte treningskampar før det brakar laust
Karane er godt i gang med sesongoppkøyringa! Det er bra trøkk på treningsfeltet, med ivrige spelarar som byr på seg sjølv og har lyst å visa seg fram.
På laurdag klokka 15:00 har me vår første treningskamp, og då skal me møta Hødd. Laget frå Ulsteinvik var nær ved å klara eit opprykk til OBOS-ligaen i fjor. og er ein god motstandar i den første treningskampen.
Dei som vil sjå årets første treningskamp på Fosshaugane, må henta ut fribillett her
- Me har fått ein fin miks med gode lag i sesongoppkøyringa, der me skal ut både mot divisjonskollegaer og Eliteserie-lag, seier Håvard Flo.
I starten av februar går turen til varmen og palmesus i Marbella. Der skal me møta nyopprykka Kongsvinger, som gjennomførte ein god sesong i fjor og er tilbake i OBOS-ligaen. Før heimreise skal me óg spela mot Eliteserielaget Strømsgodset.
- Me ser fram til ein god treningsleir der me skal få trena godt, bli sterke i lag som ei gruppe og få spelt mot god motstand, seier Flo.
Etter heimkomsten får me gode lag på besøk med Aalesund, HamKam og Åsane, før me tek oss ein tur til hovudstaden for å testa hanskane til Kjetil Haug i buret til Vålerenga på Intility. Det blir den einaste bortekampen.
- Det er kjekt at me skal spela så mange kampar heime før seriestart. Då kan heimepublikumet ta turen og få bli betre kjent med laget, seier Flo.
I mars blir det generalprøve heime mot divisjonskollega Brann!
Slik ser oppsettet ut
29/1 kl. 15:00 Sogndal - Hødd på Fosshaugane
Treningsleir Marbella 5/2 - 20/2
11/2 kl. 17:00 Sogndal - Kongsvinger i Marbella
18/2 kl. 15:00 Sogndal - Strømsgodset i Marbella
26/2 kl. 12:30 Sogndal - Aalesund på Fosshaugane
3/3 kl. 12:00 Sogndal - HamKam på Fosshaugane
6/3 kl. 16:00 Sogndal - Åsane på Fosshaugane
11/3 Vålerenga - Sogndal på Intility Arena (tidspunkt kjem seinare)
Generalprøve
26/3 kl. 16:00 Sogndal - Brann på Fosshaugane
Har du ikkje kjøpt sesongkort? Klikk her
1. serierunde
4/4 kl. 18:00 Sogndal - Raufoss på Fosshaugane
Stao no pao!!