Slik spelast OBOS-ligaen på TV 2

Slik kan du sjå dei første 15 rundane i OBOS-ligaen.

– No kan me endeleg presentera korleis kampane skal visast på TV 2. For dei som vil sjå alt er det TV 2 Play som gjeld. Og så vil óg utvalde kampar i alle ligaene visast på TV 2 sine åpne kanalar, fortel sportsredaktør Vegard Jansen Hagen i TV 2.

TV 2 Play, som blir heimen for absolutt alle kampane, er lett tilgjengeleg via alle dei kjente TV-distributørane. I tillegg til at man som alltid kan få tilgang direkte via TV 2 Play.

- Det skal vera enkelt å sjå fotball på TV 2. Difor er me glade for at TV 2 Play no er tilgjengeleg overalt, seier Jansen Hagen.

Nærare seriestart vil TV 2 avsløra fleire store satsingar rundt norsk fotball.

– Me har teke mål av oss å skapa ein fantastisk seriestart for norsk fotball. Me er stolte og glade over å få koma heim til folkebevegelsen norsk fotball, og samstundes kunne bidra med eit løft som er TV 2 si største sportssatsing nokonsinne, seier TV 2s sportsredaktør.

Sjå korleis kampene spelast her

Annonse fra Obos-ligaen: